Samfunnsspeilet, 2/2013

Jordbruk og miljø - økologisk matproduksjon og omsetnad

Interessa for økologisk mat aukar

Publisert:

Stadig meir økologisk mat blir selt i Noreg. I 2012 var det ein samla omsetnad av økologiske matvarer på om lag 1,45 milliardar kroner, ein auke på 17 prosent frå året før.

Sidan 2006 har omsetnaden i daglegvarehandelen auka med 142 prosent. Samanlikna med dei andre nordiske landa ligg Noreg på sisteplass i omfang av økologisk matproduksjon. Berre 3,5 prosent av mjølka og 0,9 prosent av kjøttet var økologisk i 2012.

Åpne og les artikkelen i PDF (984 KB)

Interessa for økologisk mat, utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel, aukar internasjonalt. Denne utviklinga er tydeleg også i Noreg. Økologisk jordbruk inngår i den generelle satsinga på miljø, og forbrukaranes interesse for ø-merka mat er stadig større.

Økologisk jordbruk byggjer på ein del føresetnader:

  • Ingen bruk av kunstgjødsel eller kjemisk/syntetisk plantevern
  • Eit mest mogleg variert vekstskifte
  • Plantedyrkinga skal leggjast opp førebyggjande mot ugras, sjukdommar og skadedyr
  • Mest mogleg resirkulering av organisk materiale
  • Balanse mellom areal og husdyrhald med omsyn til fôrproduksjon og bruk av husdyrgjødsel

Datagrunnlag

Denne artikkelen byggjer på kapitlet om økologisk jordbruk i Statistisk sentralbyrås rapport Jordbruk og miljø – Tilstand og utvikling 2012 (Bye mfl. 2012). I tillegg til at vi har henta tal frå jordbruksstatistikken til Statistisk sentralbyrå, er det henta tal frå Statens landbruksforvaltnings rapport Produksjon og omsetning av økologiske landbruksvarer 2012 (SLF 2013) og statistikk frå kontroll- og godkjenningsorganet Debio (Debio 2013).

Økologisk produksjon, foredling, import og omsetnad

I Noreg er økologisk matproduksjon og merking av mat regulert av økologiforskrifta. Forskrifta er fastsett av Landbruks- og matdepartementet, og er basert på EU-standarden for økologisk produksjon. Mattilsynet er tilsynsmyndigheit, og har delegert ansvaret for tilsynet til Debio. Økologiforskrifta skal sikre at alle krav til økologisk produksjon blir følgt. Norske gardsbruk med økologisk produksjon blir kontrollert årleg og godkjent av Debio. Debio har òg ansvaret for kontroll og godkjenning av verksemder innanfor foredling, import og omsetnad av økologiske varer. Alle økologiske matvarer skal vere godkjende av Debio, dette er ein føre­setnad for å bruke ø-merking i marknadsføringa.

Framleis langt fram til målet

Regjeringa har som mål at 15 prosent av matproduksjonen og 15 prosent av matforbruket i Noreg skal vere økologisk i 2020. Målsetjinga om økologisk matproduksjon inneber at det skal drivast økologisk produksjon på 15 prosent av det samla norske jordbruksarealet, og at 15 prosent av det samla husdyrhaldet skal vere økologisk. Både norske og importerte matvarer inngår i målsetjinga om 15 prosent forbruk av økologiske matvarer i 2020, sett i forhold til totalomsetnaden i kroneverdi for varer som har eit økologisk alternativ.

I 2012 blei det produsert meir øko­logisk mjølk enn i 2011, medan den økologiske produksjonen av kylling og egg blei betydelig redusert. Kjøttproduksjonen av storfe, sau/lam og svin gjekk noko til­bake. Tal for økologisk produksjon av frukt og grønt manglar på grunn av avgrensa tilgang til data.

Det blei produsert 53,9 millionar liter økologisk mjølk i 2012, og dette utgjorde 3,5 prosent av den totale mjølkeproduksjonen. Produksjonen av økologiske egg var 2 047 tonn, også det 3,5 prosent av den totale produksjonen. Av samla kjøttproduksjon på totalt 232 000 tonn i 2012 utgjorde det økologiske berre 0,9 prosent. Delen økologisk produksjon varierte frå 2,4 prosent for sau/lam til 0,3 prosent for svin (sjå figur 1). Produksjonen av økologisk kjøtt gjekk ned frå 2011 til 2012. For økologisk kylling blei produksjonen i 2012 halvert samanlikna med 2011.

Produksjon av økologisk korn har vore stabil dei seinare åra og utgjer om lag 1,1 prosent av den totale kornproduksjonen.

asb-ail-fig1

Lite endring i talet på økologiske verksemder og produkt

Etter fleire år med vekst innanfor foredling, import og omsetnad av økologiske produkt har talet på verksemder og økologiske produkt gått noko ned dei siste tre åra. Frå toppåret i 2009, då Noreg hadde 803 verksemder, har talet gått ned til 736. Godkjente ø-merka produkt gjekk ned frå 5 700 i 2009 til om lag 5 200 i 2012. Frå 2011 til 2012 var det ein liten auke i talet på godkjende ø-merka produkt (sjå figur 2).

asb-ail-fig2

Fleire kjøper ø-produkt – spesielt meierivarer og grønsaker

Omsetnaden av økologiske matvarer har auka mykje dei siste åra, til 1,45 milliardar kroner i 2012, ein auke på 17 prosent frå året før (sjå figur 3). Daglegvarehandelen hadde om lag 81 prosent av den økologiske omsetnaden. Andre salskanalar, som direkte sal på Bondens marknad, sal frå grossist til storhushald, abonnementsordningar og bakeri stod for 19 prosent av den økologiske omsetnaden. Bondens marknad hadde ein omsetnad på 7,4 millionar kroner i 2012, ein vekst på 41 prosent frå året før.

asb-ail-fig3

Omsetnaden av økologiske varer i daglegvarehandelen utgjorde om lag 1,2 prosent av total omsetnad for varer som har eit økologisk alternativ.

For varegrupper som er viktige innanfor norsk landbruks­produksjon, var det meieriprodukt som hadde størst økologisk omsetnad i daglegvarehandelen, med 257 millionar kroner. Deretter følgde grønsaker/poteter med 211 millionar kroner og kornprodukt/bakevarer med 118 millionar. Omsetnaden av egg og kjøtt var på høvesvis 103 og 57 millionar kroner. Størst prosentvis auke i omsetnaden frå 2011 til 2012 hadde kjøtt, med 140 prosent.

I 2012 utgjorde det økologiske salet 1,7 prosent av det totale salet for meieriprodukt, 2,2 prosent for grønsaker/poteter, 0,9 prosent for kornprodukt/bakevarer, 5,3 prosent for egg og 0,3 prosent for kjøtt.

Kjøper barnemat for 140 millionar kroner årleg

Økologisk barnemat har hatt stor vekst i salet dei siste to åra. Barnemat omfattar ferdig barnemat på glas, graut og anna som i daglegvarehandelen blir definert som barne­mat. Frå 2010 til 2012 auka den årlege omsetnaden av økologisk barnemat frå 70 millionar kroner til 140 millionar kroner. Salet av økologisk barnemat utgjorde 23 prosent av det totale salet av barnemat i 2012 (sjå figur 4).

asb-ail-fig4

Salet av økologiske matvarer omfattar både varer produsert i Noreg og import. Per i dag finst det ikkje noko samla oversyn over import av økologiske varer fordi tollsystemet i liten grad skil mellom økologiske varer og varer som ikkje er økologiske.

Jordbruksbedrift

Ei jordbruksbedrift er ei verksemd med jordbruksdrift, medrekna hagebruk og husdyrhald. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar. Jordbruksbedrifta er uavhengig av kommunegrenser.

Færre driv økologisk

Av 44 670 jordbruksbedrifter i 2012 hadde 2 577, eller 5,8 prosent, godkjend økologisk drift. Det var 148 bedrifter færre enn året før (sjå figur 5). Kvart år er det nye jordbruksbedrifter som legg om til økologisk produksjon. Samstundes er det nokre som går tilbake til konvensjonell drift, eller som legg ned drifta. Talet på jordbruksbedrifter med økologisk produksjon var høgast i 2009, med 2 851 einingar.

asb-ail-fig5

Har veksten stoppa opp?

Det økologiske jordbruksarealet har stige jamt kvart år heilt frå denne forma for jordbruk blei lagt under reglar og kontrollordningar i 1986. Men i 2012 stoppa auken, og det økologiske arealet på 502 000 dekar var det same som i 2011, slik figur 6 viser. Likevel aukar det økologiske arealet per bedrift, sidan talet på jordbruksbedrifter med økologisk drift har gått ned dei siste åra.

Økologisk dyrka jord omfatta 5,1 prosent av et det totale jordbruksarealet i drift på til saman 9,92 millionar dekar i 2012. Eng, beite og andre fôrvekstar utgjorde størsteparten av det økologiske arealet med 82 prosent, medan korn blei dyrka på 16 prosent. Potet, grønsaker, frukt og bær blei dyrka på 1,2 prosent av det totale økologiske arealet.

Det var stor nedgang i det såkalla karensarealet frå 2009 til 2011 (sjå tekstboks). Det gjekk ned frå 127 000 dekar til 59 000 dekar. Karensarealet i 2012 var om lag 50 000 dekar. Summen av økologisk areal og karensareal utgjorde 5,6 prosent av alt jordbruksareal i drift, det same som i 2011.

Økologisk husdyrhald har lite omfang. Frå 2011 til 2012 auka talet på økologiske storfe, svin og verpehøns på norske gardsbruk, medan talet på økologiske sauar gjekk tilbake. Sau og storfe hadde dei høgaste delane med økologisk produksjon, høvesvis 4,5 prosent og 3,5 prosent av totalt tal dyr. For svin var 0,3 prosent av dyra økologiske, medan delen for slaktekylling berre var 0,05 prosent.

asb-ail-fig6

Karensareal

Karens er omleggingsperioden frå konvensjonell drift og fram til arealet eller produksjonen er godkjent som økologisk. Karensareal er jordbruks­areal påbegynt omlagt, men ennå ikkje godkjent som økologisk drive jordbruksareal. I 2006 blei karens­perioden endra frå eitt til to år. For frukt og bær er karensperioden tre år.

Trøndelag satsar mest

Dei to Trøndelagsfylka har mest økologisk areal. Til saman hadde dei 28 prosent av det økologiske arealet i Noreg. I Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag var høvesvis 9,6 og 9,4 prosent av jordbruksarealet økologisk. Tilsvarande tal for eit viktig jordbruksfylke som Rogaland var berre 0,7 prosent.

Det er stor variasjon i storleiken på økologisk areal på kommune­nivå. I 2012 hadde 38 kommunar meir enn 15 prosent av jordbruksarealet med økologisk drift. På kommune­toppen var Stordal i Møre og Romsdal, der halvparten av jordbruksarealet var økologisk (sjå figur 7).

asb-ail-fig7

Mange av kommunane med høg del økologisk jordbruksareal har totalt sett lite jordbruksareal i drift. Ringsaker, Steinkjer, Levanger og Nes, som hadde mest jordbruksareal i drift av alle kommunane i 2012, dyrka økologisk på høvesvis 7, 8, 9 og 4 prosent av arealet.

Austerrike og Sverige på økotoppen i Europa

Sidan 2005 har Sverige hatt størst del økologisk areal i Norden, inkludert karensareal. Frå 2005 til 2011 auka den svenske prosentdelen frå 6,9 til 15,6. Både Finland og Danmark hadde ein nedgangsperiode frå 2004 til 2006, men har hatt ein auke i åra etterpå (sjå figur 8). Sjølv om økologisk jordbruksareal i Noreg har vore i jamn vekst, låg framleis Noreg med sine 5,6 prosent i 2011 på botn blant dei nordiske landa.

asb-ail-fig8

Innanfor EU27-landa var det Austerrike som hadde størst del økologisk areal i 2010, om lag 17 prosent. Sverige følgde etter med 14 prosent. Gjennomsnittet for alle land i EU27 var om lag 5 prosent (sjå figur 9).

asb-ail-fig9

Noreg plasserer seg nokså lågt i europeisk samanheng i satsinga på økologisk produsert mat. Slik tala frå Eurostat viser, ligg Noreg etter ei rekkje av dei såkalla nye EU-landa og land som Italia, Hellas, Spania og Tyskland, men litt over gjennomsnittet for heile EU.

Tal frå publikasjonen The World of Organic Agriculture 2013 utarbeidd av Research Institute of Organic Agriculture (FiBL), Frick (Sveits) viser at dei totale økologiske landbruksareala (inkludert karensareal) i verda var på 372 millionar dekar i 2011. Av dette låg om lag 29 prosent i Europa. På verdsbasis auka det økologiske arealet med 0,6 prosent frå 2010 til 2011, medan auken i Europa var på 6,3 prosent.

Referansar

Bye, A., Aarstad, P., Løvberget, A. og Høie, H. (2012): Jordbruk og miljø. Tilstand og utvikling 2012, Rapporter 39/2012, Statistisk sentralbyrå. (http://www.ssb.no/natur-og-miljo/artikler-og-publikasjoner/jordbruk-og-miljo-2012)

Debio (2013): Statistikk 2012. Debio, Bjørkelangen. (http://www.debio.no/)

Eurostat (2012): Agriculture, fishery and forestry statistics. Main results 2010-11. (http://epp.eurostat.ec.europa.eu/)

Jordbruksstatistikk, Statistisk sentralbyrå. (http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/stjord)

Landbruks- og matdepartementet: Forskrift om økologisk produksjon og merking av økologiske landbruksprodukter og næringsmidler. (http://www.lovdata.no/for/sf/ld/ld-20051004-1103.html)

Landbruks- og matdepartementet (2009): Økonomisk agronomisk-økologisk! (http://www.regjeringen.no/upload/LMD/Vedlegg/Brosjyrer_veiledere_rapporter/Handlingsplan_okologisk_200109.pdf)

Research Institute of Organic Agriculture (FiBL), Frick (Sveits): The World of Organic Agriculture 2013. (http://www.organic-world.net/2413.html)

Rognstad, Ole og Steinset, Trond Amund (2012): Landbruket i Norge 2011, Statistiske analyser 132, Statistisk sentralbyrå. (http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/landbruket-i-norge-2011)

SLF (2013): Produksjon og omsetning av økologiske landbruksvarer. Rapport for 2012, SLF-rapport nr. 12/2013, Statens landbruksforvaltning. Oslo. (http://www.slf.dep.no/)

Kontakt