43050_not-searchable
/helse/statistikker/hjulet/aar
43050
Utfordringar i helse- og sosialtenester i kommunane
statistikk
2008-10-17T10:00:00.000Z
Helse
no
hjulet, Hjulet - Styrings- og informasjonshjulet for helse- og sosialtjenesten i kommunene (opphørt), helseforhold, sosiale forhold, levekårHelseforhold og levevaner , Helse
true

Hjulet - Styrings- og informasjonshjulet for helse- og sosialtjenesten i kommunene (opphørt)2008

Denne statistikken er opphørt.

Innhold

Publisert:

Utfordringar i helse- og sosialtenester i kommunane

Årets utgåve, som er den sekstande i rekka, gir tal for helseforhold, sosiale forhold, tenesteproduksjon, og levekår i landet sine kommunar for 2007. For 31 større kommunar vert det også gitt tal for bydelar og distrikt.

Styrings- og informasjonshjulet har sidan 2008 ikkje vore oppdatert, på ssb.no eller helsedirektoratet.no. Ei ny og revidert utgåve av Styrings- og informasjonshjulet er under vurdering.
Meir informasjon: trond.ekornrud@ssb.no , tlf. 21 09 43 99.

Styrings- og informasjonshjulet er eit samarbeidsprosjekt mellom Helsedirektoratet og Statistisk sentralbyrå. Formålet er å gi ein statistisk omtale av kommunen sin helse- og sosialsektor føregåande år, og på den måten gi kommunane høve til å samanlikna situasjonen sin med andre kommunar. Statistikken tek utgangspunkt i IS-1/2008 Nasjonale mål, hovudprioriteringar og tilskot for 2008 som vert gjeve ut av Helsedirektoratet.

Sjølve publikasjonen vert gjeve ut i hefter frå Helsedirektoratet, og vert publisert på direktoratet sine nettsider.

Nytt i årets utgåve

I 2007-statistikken har IPLOS-registeret ( Individbasert PLeie - og OmsorgsStatistikk ) teke over som datagrunnlag for statistikk over mottakarar av pleie- og omsorgstenestene. Samanlikna med tidlegare år inneber dette eit brot i tidsseriane, og resultata for 2007 let seg ikkje samanlikna med tidlegare årgangar. IPLOS er framleis i ein innføringsfase, og dette tilseier at ein bør vera varsam ved tolking av resultata som vert presenterte. Dette gjeld for indikatorar i nøkkeltal 20, 21, 22, 23 og 24.

Tabellverket i årets utgåve av Styrings- og informasjonshjulet vert publisert med mindre endringar frå i fjor.

I Nøkkeltal 5 ”Problemer blant voksne” er aldersintervalla for tabell 5.2a ”Uførepensjonister” og tabell 5.2b ”uførepensjonister med grunn- og hjelpestønad” endra frå 16-49 år til 18-49 år.

I Nøkkeltal 15 ”Opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2008” er fjorårets tabell 15.2 ”Samarbeid. Brukermedvirkning og individuell plan” ikkje teke med i årets publisering.

I Nøkkeltal 24 Kvalitetsindikatorer er to av indikatorane endra. Indikatoren ”Legetimer per beboer i institusjon” er endra til ”Legetimer per uke per sykehjemsbeboer”, og indikatoren ”Fysioterapitimer per beboer i institusjon” er endra til ”Fysioterapitimer per uke per sykehjemsbeboer”.

Meir informasjon: andreas.hedum@ssb.no , tlf. 21 09 47 42, eller trond.ekornrud@ssb.no tlf. 21 09 43 99.

Tabeller (publisert 26. november 2008)