Rapporter 2016/07

Kartlegging og analyse av førebyggande og helsefremjande arbeid og tilbod

Frisklivssentralar i kommunane

Stadig fleire kommunar vel å etablere frisklivssentralar. Mellom 2011 og 2014 har det vore ei dobling av talet på kommunar som har etablert tilbodet.

Det overordna føremålet med rapporten er å bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget om det førebyggande helsearbeidet i kommunane generelt og for frisklivssentralar spesielt.

Den breie kartlegginga av frisklivssentralar som blei gjennomført i samband med KOSTRA-rapporteringa for 2013-årgangen, har gjort det mogleg å sjå nærmare på innhaldet på frisklivssentralane i kommunane, både når det gjeld kor mange som har etablert tilbodet, korleis dei har valt å organisere tenesta, kva omfanget av tilbodet er, kor mange som nyttar seg av tilbodet, kva aktørar dei samarbeider med og kor mykje personell som jobbar der.

Meir omfattande tilbod i store kommunar

Resultata frå kartlegginga viser at stadig fleire kommunar vel å etablere frisklivssentralar. I perioden 2011–2014 har det vore ei dobling av kommunar som har etablert tilbodet.

Resultata tyder på at etableringa av frisklivssentralar har kome lenger på veg i enkelte fylke enn andre, og at det særleg er store kommunar i sentrale strok som vel å etablere tenesta. Det er også ein tendens til at tilbodet ved sentralane er meir omfattande i større og meir sentrale kommunar.

Sårbar teneste

Kartlegginga viser elles at frisklivssentral er ei relativt «lita» helseteneste målt i ressursbruk og brukarar samanlikna med andre kommunale helse- og omsorgstenester. I gjennomsnitt var det tilsett stillingar som svara til 0,9 årsverk per kommune med frisklivssentralar i 2013. Dette gjer at tenesta er sårbar og utsett dersom nøkkelpersonell skulle forsvinne ut. Små kommunar med tilbodet vil vere særleg utsette.

Det var om lag 16 000 personar som deltok på eitt eller fleire av tilboda ved frisklivssentralar i 2013. Om lag halvparten av desse var tilvist frå andre tenester som t.d. fastlegetenesta. Det er flest deltakarar i dei større sentrale kommunane der befolkningsgrunnlaget er størst. Det er likevel i dei små og mindre sentrale kommunane med tilbodet at deltakarane ved frisklivssentralane utgjer den største delen av befolkninga. Det kan tyde på at tilbodet er ein viktig del av førebyggande verksemda i dei små kommunane som faktisk etablerer tilbodet.

Utfordringar med vidareføring

I intervjua med utvalde kommunar og fylkesmannembete kom det fram at det er utfordringar med å få kommunar til å vidareføre tilbodet når perioden med etableringstilskot frå Fylkesmannen tek slutt. Det blir elles peika på at arbeid knytt til tilskot er tidkrevjande dersom ein ser det i forhold til summane som blir utbetalt. Dette gjeld både i forvaltninga hos Fylkesmannen og ute i kommunane. Særleg små kommunar vil vere utsette.

Det er samstundes ei oppfatning av at frisklivssentralar fungerer etter hensikta i dei kommunane som har etablert tilbodet. Viktige faktorar for å lukkast meiner dei mellom anna er forankring hos politisk og administrativ leiing og ute i andre tenester som frisklivssentralane bør samarbeide med.

Arbeidet med rapporten er finansiert av Helsedirektoratet.

Om publikasjonen

Tittel

Frisklivssentralar i kommunane. Kartlegging og analyse av førebyggande og helsefremjande arbeid og tilbod

Ansvarlige

Trond Ekornrud, Merete Thonstad

Serie og -nummer

Rapporter 2016/07

Utgiver

Statistisk sentralbyrå

Oppdragsgiver

Helsedirektoratet

Emne

Helsetjenester

ISBN (elektronisk)

978-82-537-9307-8

ISBN (trykt)

978-82-537-9306-1

ISSN

1892-7513

Antall sider

124 s

Målform

Nynorsk

Om Rapporter

I serien Rapporter publiseres analyser og kommenterte statistiske resultater fra ulike undersøkelser. Undersøkelser inkluderer både utvalgsundersøkelser, tellinger og registerbaserte undersøkelser.

Kontakt