Ein av fire 18-åringar har aldri hatt hol i tennene

Publisert:

I 2016 hadde om lag 24 prosent av landets 18-åringar vakse opp utan besøk av Karius og Baktus. Mykje har hendt med borns tannhelse sidan 1985 då nær sagt alle 18-åringane hadde hatt eitt eller fleire hol i tennene.

Dei siste tjue åra har tannhelsa blant barn og unge generelt sett blitt betre. Det er no ein større del utan hol i tennene, det er færre som har mange hol, og gjennomsnittleg har talet på hol i tennene gått ned. Utviklinga har vore spesielt positiv blant 18-åringar. I 1985 var det 1 prosent som ikkje hadde hol i tennene. I 2016 hadde delen auka til om lag 24 prosent, i følgje nye tal frå statistikken Tannhelsetenesta.

Figur 1. Delen undersøkte/behandla utan hol i tennene. 5-, 12- og 18-åringar

5-åringar 12-åringar 18-åringar
1985 50 19 1
1986 52 22 2
1987 56 25 4
1988 58 28 5
1989 60 30 7
1990 61 32 7
1991 63 33 8
1992 63 36 9
1993 64 36 10
1994 63 38 11
1995 65 40 11
1996 68 43 12
1997 70 45 13
1998 70 46 14
1999 66 48 15
2000 61 48 16
2001 60 46 17
2002 59 43 17
2003 65 42 17
2004 61 41 16
2005 71 42 16
2006 73 44 16
2007 76 46 16
2008 79 48 16
2009 80 49 16
2010 80 50 17
2011 81 55 18
2012 81 55 18
2013 83 57 20
2014 82 60 21
2015 82 60 22
2016 80 59 24

Delen med meir enn ni hol går ned

Samstundes med at delen som ikkje har hatt hol i tennene går opp, går delen med mange hol ned. Tal frå 2016 viser at det var om lag 9 prosent av 18-åringane som hadde meir enn ni hol i tennene. Det er ein reduksjon på om lag 42 prosent frå 2005.

Figur 2. Delen undersøkte/behandla 18-åringar med meir enn ni hol i tennene

2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016
Undersøkte 18-åringar med meir enn 9 hull 15.4 14.5 13.8 13.3 12.8 12.2 12.3 11.5 10.5 9.9 9.6 8.9

Store variasjonar mellom fylka

Kor stor del 18-åringar det er utan hol i tennene, varierer mellom fylka. I Finnmark er delen utan hol i tennene lågast. Der er det om lag 15 prosent utan hol i tennene. Til samanlikning har Hedmark fylke størst del 18-åringar utan hol i tennene, med om lag 33 prosent 18-åringane utan hol. Samstundes er delen 18-åringar som har blitt undersøkt ulik i dei to fylka. I Finnmark blei om lag 76 prosent 18-åringar undersøkt, medan tilsvarande tal var 89 prosent i Hedmark.

 

Faktaside