[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 11, 1999

Noregs fiskerier, 1998. Førebelse tal:

Verdien av havfisket passerte 10 milliardar


Det blei til saman fiska 2,8 millionar tonn fisk i fjor. Dette er om lag det same som året før, men 8 prosent meir enn i 1996. Medrekna skaldyr, skjell og reker var førstehandsverdien 10,4 milliardar kroner, mot 9,2 milliardar kroner i 1997.
Sildefangstane hadde ein nedgang på 92 000 tonn frå 1997 til 1998. Dette er 10 prosent mindre enn året før, men 9 prosent meir enn i 1996. Fisket viser òg nedgang i fangstane av torsk, hyse, lodde, augepål, tobis og hestmakrell, medan det var auke i fangstane av sei, uer, kolmule, makrell og brisling. Kolmule hadde størst auke, frå 348 000 tonn i 1997 til 571 000 tonn i 1998.

Det blei fiska 87 000 tonn lodde ved Island og Vest-Grønland i 1998. Dette er 45 prosent mindre enn året før. I Barentshavet har lodda vore freda dei siste åra. Når det gjeld verdi er torsk det viktigaste fiskeslaget. Medan torsk berre sto for 11 prosent av oppfiska mengd i 1998, skreiv 32 prosent av førstehandsverdien seg frå dette fiskeslaget. Sild utgjorde 29 prosent av fangsten og 14 prosent av førstehandsverdien.

Tala byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet.

[Figur 6]

Figur 6: Oppfiska kvantum fordelt på fiskeslag. 1998. Prosent


[Figur 7]

Figur 7: Verdi av fangsten fordelt på fiskeslag. 1998. Prosent


Ny statistikk
Noregs fiskerier, 1998. Førebelse tal.
Statistikken kjem ut kvart halvår i Ukens statistikk. Meir informasjon: Ase.Mobraten@ssb.no, tlf. 62 88 52 31, eller Anne.Turi.Baklien@ssb.no, tlf. 62 88 52 30.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 11, 1999 [an error occurred while processing this directive]