[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 39, 1998

Utdanningsstatistikk. Lærarar, 1. oktober 1997:

6 400 fleire lærarar i grunnskolen


Talet på lærarar i grunnskolen auka med 6 400, eller drygt 11 prosent frå 1996 til 1997. Hovudårsaka til dette er innføringa av 6-årsreformen. Totalt er det nå 62 800 lærarar i grunnskolen.
Hausten 1997 vart det registrert drygt 106 000 lærarar i Noreg. Dette er samla ein auke på 6 700, eller snaut 7 prosent, samanlikna med 1996. Talet på undervisingspersonale ved universiteta og høgskolane auka med knapt 5 prosent, medan talet på lærarar i den vidaregåande skolen gjekk ned med 1 prosent.

I alt arbeidde 27 prosent av lærarane deltid hausten 1997. Talet for grunnskolane og dei vidaregåande skolane var høvesvis 31 og 27 prosent, medan berre 17 prosent av undervisingspersonalet ved universiteta og høgskolane arbeidde deltid.

Lærarane utførte i alt drygt 92 000 årsverk. I grunnskolen vart det utført 55 000 årsverk, i den vidaregåande skolen 24 000, medan undervisings-personalet ved universiteta og høg-skolane utførte 12 000 årsverk.

Snittalderen på lærarane har vore stabil dei seinaste åra, og var hausten 1997 på 44,5 år. Knapt 36 prosent av lærarane var over 50 år. I Finnmark var berre drygt 22 prosent av lærarane over 50 år, medan tilsvarande del i Østfold var nær 41prosent.

57,1 prosent av lærarane var kvinner. Delen kvinner auka i alt med 2,3 prosentpoeng frå 1996 til 1997. Auken for dei ulike skoleslaga var høvesvis 1,9 prosentpoeng for grunnskolen, 0,5 for dei vidaregåande skolane, 1,7 for høgskolane og 0,8 prosentpoeng for universiteta.

Ny statistikk
Utdanningsstatistikk. Lærarar, 1. oktober 1997.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk og Aktuell utdanningsstatistikk. Meir informasjon og e-post: undis.dahl@ssb.no, tlf. 62 88 52 78, eller thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.

Om statistikken
Lærarstatistikken byggjer på tal frå Statens sentrale tenestemannsregister (SST) og Sentralt tenestemannsregister for skoleverket (STS). Nemninga «lærarar» slik det vert brukt i statistikken, omfattar alt undervisingspersonale og vitskapleg undervisingspersonale ved alle skoleslaga.

Opplysingar om lærarar ved skolar som ikkje rapporterer til dei nemnde registra, vert henta inn direkte frå den einskilde skolen. I utrekninga av gjennomsnittsalder, kjønnsfordeling og delar i ulike aldersgrupper er desse lærarane tekne ut.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 39, 1998 [an error occurred while processing this directive]