[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 33, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, juli 1998:

Små endringar i byggjekostnadene


Frå juni til juli i år auka dei totale byggjekostnadene med 0,1 prosent både for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.
Dei totale materialkostnadene steig i den same perioden med 0,2 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Frå juli 1997 til juli 1998 auka dei totale byggjekostnadene med 3,1 prosent for bustadblokker, 3 prosent for rekkjehus og 2,9 prosent for einebustader. Dei totale materialkostnadeneauka tilsvarande i dette tidsrommet med 2,8 prosent for bustadblokker, 2,5 prosent for rekkjehus og 2,3 prosent for einebustader.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, juli 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post: karin.solbakken@ssb.no, tlf. 62 88 54 33, eller lars.henrik.thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 33, 1998 [an error occurred while processing this directive]