[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 27, 1998

Byggjearealstatistikk, mai 1998:

4 prosent fleire bustader


I perioden januar til mai i år vart det igangsett 7 932 bustader mot 7 652 i same periode i fjor. Det er ein auke på 4 prosent. Oslo hadde størst auke i bustadbygginga.
Igangsetjinga av bruksareal til andre bygg enn bustader i denne perioden er uendra samanlikna med i fjor. I januar til mai i år vart 1 299 100 kvadratmeter bruksareal til slike bygg igangsett.

774 igangsette bustader i Oslo
Dei fem første månadene i år er det registrert igangsett 774 bustader i Oslo. Det er ei dobling samanlikna med same periode i fjor. Stor auke i talet på igangsette bustader dei fem første månadene har også Østfold og Tromsø fylke. Oppland, Telemark,

Rogaland, Sogn og Fjordane og Nordland er dei einaste fylka med vesentleg nedgang i talet på igangsette bustader i perioden januar til mai i år samanlikna med i fjor. Størst nedgang i igangsetjingstalet er det i Sogn og Fjordane fylke med 43 prosent.

1 433 nye bustader i mai
I mai i år vart det igangsett 11 prosent færre bustader enn i mai i 1997. I alt 1 433 bustader vart igangsette denne månaden. Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader er 3 prosent lågare i mai i år enn i fjor. Byggjeaktiviteten i mai var likevel høgare enn i same månad i 1996.

Tal for Trondheim kommune manglar
I mai 1998 vart ikkje igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune registrerte i GAB-registeret. Totaltal justerte ved hjelp av estimat for Trondheim kommune er gjevne i tabellen ovanfor.
Tabeller

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i mai 1998 er etterslepet gjennomsnittleg 2,6 månader for bustader og 3,6 månader for andre bygg enn bustader.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å være godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

[Figur 10]

Figur 10: Talet på igangsette bustader. Ujustert og trend. Januar 1990-mai 1998


Ny statistikk
Byggjearealstatistikk, mai 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post: john.egil.bjorke@ssb.no, tlf. 62 88 54 30, eller ingvei.seliussen@ssb.no, tlf. 62 88 55 15.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 27, 1998 [an error occurred while processing this directive]