[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 21, 1998

Kulturstatistikk. Arkivverket, 1997:

39 000 lesesalbesøk ved arkiva


Statistikken over arkivverket syner at 1 300 færre personar besøkte lesesalane i 1997 samanlikna med året før. Utleverte arkivstykke på lesesalen gjekk i same periode ned med om lag 15 000 einingar. Det var 350 fleire journalførte saker i 1997 enn året før.
Arkivverket omfattar Riksarkivet i Oslo og åtte statsarkiv. Det vart registrert knapt 39 000 besøk i 1997. Sjølv om tala syner ein nedgang på vel 3 prosent frå 1996, har det vore ein auke i besøktala i perioden 1991-1997 på om lag 27 prosent. Ser ein bort ifrå statsarkivet i Kongsberg, som har hatt ein sterk auke i talet på lesesalbesøk sidan åpninga i 1994, er det statsarkivet i Bergen som kjem best ut. Auken i lesesalbesøk frå 1991 til 1997 var på om lag 58 prosent.

Talet på utleverte arkivstykke gjekk totalt ned med om lag 15 000 frå 1996. Størst nedgang hadde statsarkivet i Trondheim med 7 500 arkivstykke, eller drøyt 46 prosent. Statsarkivet i Oslo hadde ein liten auke på 180 arkivstykke, som utgjer knapt 5 prosent.

Talet på journalførte saker auka i alt med 10 100, eller 43 prosent, frå 1991 til 1997. Størst auke hadde statsarkivet i Bergen, der talet på journalførte saker er fordobla sidan 1991.

Tabeller

  • Tabell 1. Arkivverket. Lesesalbesøk. 1991-1997
  • Tabell 2. Arkivverket. Utleverte arkivstykker(1) på lesesalen. 1991-1997
  • Tabell 3. Arkivverket. Journalførte saker(1). 1991-1997

    Om statistikken
    Arkivverket er ein etat under Kulturdepartementet. Riksarkivet og statsarkiva er alle eigne institusjonar. Riksarkivaren er sjef for Riksarkivet og samstundes leiar for arkivverket. Riksarkivet og dei åtte statsarkiva har som oppgåve å motta og halde tilgjengeleg alle oppbevaringsverdige dokument og liknande frå statsadministrasjonen når dei ikkje lenger trengs i den daglege verksemda. Arkivverket har tilsyn med arkiva i dei offentlege kontora, herunder fylkeskommunale og kommunale.

    Ny statistikk

    Kulturstatistikk. Arkivverket, 1997.
    Meir informasjon og e-post: vera.thrane@ssb.no, tlf. 62 88 52 57, eller thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 21, 1998 [an error occurred while processing this directive]