[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13, 1998

Byggjearealstatistikk, februar 1998:

Utflating i igangsett bruksareal til yrkesbygg


Trenden i igangsett bruks-areal til andre bygg enn bu-stader flatar ut etter å stort sett ha stige sidan januar 1993. Igangsetjingsnivået er om lag dobbelt så høgt som botnnivået i 1992.
Igangsett bruksareal i februar i år til andre bygg enn bustader auka likevel 22 prosent samanlikna med i fjor. I februar vart 328 400 kvadratmeter bruksareal til slike bygg sett i gang. Dei to første månadene i år var igangsetjinga av slikt areal om lag like stor som i same periode i fjor.

1 863 igangsette bustader
Det vart registrert igangsett 1 863 bustader i februar. Dette er 41 prosent fleire enn i februar i fjor. Etterslepet i registreringane av bustader i februar i år er uvanleg høgt med 4,7 månader. I same månad i fjor vart etterslepet i tilsvarande registreringar 2,6 månader. Dei to første månadene i år auka talet på igangsette bustader med 22 prosent samanlikna med i fjor.

Igangsett bruksareal til bustader auka ikkje like mykje som talet på bustader i desse to månadene. Auken i slikt bruksareal var 10 prosent.

Tal for Oslo og Trondheim kommune
Godkjende, igangsette og fullførte bygg i Oslo i store delar av januar og i Trondheim kommune i heile januar vart registrerte i GAB-registeret i februar. Desse bygga kjem derfor med på statistikken for denne månaden. Totaltal for igangsette bygg justerte ved hjelp av estimat for desse to kommunane er gjevne i eigen tabell.

Tabeller

  • Tabell 01. Bygg sette i gang. Justerte, førebels tal(1)

    Om statistikken
    Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

    Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For andre bygg enn bustader registrerte i februar 1998 var det gjennomsnittlege etterslepet på 4,1 månader. I same månad i fjor var etterslepet 4,0 månader. På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

    [Figur 5]

    Figur 5: Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader1. Ujustert og trend. Januar 1990-februar 1998. Kvadratmeter


    Ny statistikk

    Byggjearealstatistikk, februar 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: john.egil.bjorke@ssb.no, eller Ingvei Seliussen tlf. 62 88 55 15, e-post: ingvei.seliussen@ssb.no

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 13, 1998