[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 18, 1997

Byggjearealstatistikk, mars 1997:

Flest nye bustader i vest


Dei tre første månadene i år er det sett i gang bygging av flest bustader i Rogaland og Hordaland. I Rogaland var igangsetjingstalet 602 og i Hordaland 556. Dette er vel ein fjerdedel av alle bustadene som vart påbegynte denne perioden.
Fylka i vest kjem også best ut når ein ser talet på igangsette bustader i forhold til innbyggjartal. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har alle sett i gang over 1,3 bustader per 1 000 innbyggjarar i perioden januar til mars.

25 prosent fleire bustader
I heile landet vart det i alt sett i gang 4145 bustader i perioden januar til mars. Dette er 25 prosent fleire enn i same periode i fjor. Igangsetjingstala i 1994 og 1995 er også lågare enn i år. I mars vart totalt 1 330 bustader sette i gang mot 969 i fjor. Sjølv om tal for Trondheim kommune i januar og feb-ruar kjem med i marstala, viser dette klar auke samanlikna med i fjor.

Dei tre første månadene i år vart det sett i gang færrast bustader per 1 000 innbyggjarar i Oslo. I dette fylket vart det sett i gang berre 186 bustader. Dette tilsvarar 0,4 bustad per 1 000 innbyggjarar. Talet på påbegynte bu-stader i Oslo er 12 prosent lågare enn i fjor. Samanlikna med same perioden i 1994 og 1995 er igangsetjingstalet for bustader meir enn halvert.

Nedgang for yrkesbygg
I mars vart det sett i gang 220 400 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader. Dette er ein nedgang på 19 prosent samanlikna med i fjor. Igangsetjingstalet er likevel høgare enn i mars 1994 og 1995. For dei tre første månadene samla er nedgangen i påbegynt bruksareal til slike bygg
4 prosent. Størst nedgang har Oslo. I dette fylket er igangsett bruksareal nesten halvert samanlikna med i fjor.

Trondheim kommune manglar
Godkjente, igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune i januar og februar 1997 vart registrerte i GAB-registeret i mars, og kjem derfor med på statistikken for denne månaden. Tal for Trondheim i mars 1997 er berre unntaksvis registrerte.

Ved vurdering av månadstala bør ein ta omsyn til at påsken i år var i mars, medan han var i april i fjor.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i mars 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 2,9 månader for bustader og 1,9 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent . For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, mars 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 18, 1997