[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 49, 1996

9 700 bruk lagt ned på fire år


1. juni i år var det 81 600 bruk med minst fem dekar jordbruksareal i drift her i landet. Sidan 1992 har jordbruksdrifta blitt lagt ned på 9 700 bruk. Dette tilsvarer ein nedgang på 10,5 prosent, eller 2,6 prosent per år. Det er særleg i aldersgruppa under 40 år det er blitt færre brukarar dei siste åra.

Både i 1980-åra og i 1990-åra har avgangen av bruk vore om lag 2 300 per år. I 1980-åra gjekk utviklinga i retning av ein aukande del unge brukarar. I 1990-åra har utviklinga gått i motsatt retning.

Små endringar for ku
Talet på bruk med ku minka forholdsvis sterkt i 1980-åra. Seinare har endringane vore mindre. Per 1. juni i år var det 28 500 bruk med ku. I 1980 var det 37 400 og i 1990 var det 29 200 bruk som hadde ku. I 1980-åra var det særleg små buskapar det vart færre av. I 1990-åra har strukturen endra seg lite.

Sterk strukturendring i sauehaldet
Bruk med sau har gått ned 37 prosent frå 41 600 i 1981 til 26 300 i år. Samstundes har sauetalet auka med 18 prosent til vel 2,5 millionar dyr (vaks-ne og lam). Dette viser ei sterk strukturendring i sauehaldet. I 1981 hadde 63 prosent av bruka med sau færre enn tjue vaksne sauer. I 1996 hadde 31 prosent av sauebruka under tjue sauer. Motsett hadde 10 prosent av sauebruka i 1981 over femti sauer, medan tilsvarande i 1996 var 28 prosent.

Statistikken for 1996 syner at om lag kvart tredje bruk med sau hadde mindre enn femti dekar jordbruks-areal i drift.

Om statistikken
Dyretala er henta frå Utvalsteljing for landbruket 1996. Utvalsteljinga har og med spørsmål om miljø og skogbruk. Resultat frå desse emneområda vil bli publiserte i Ukens statistikk og NOS Jordbruksstatistikk så snart dei ligg føre.

Ny statistikk

Utvalsteljing for landbruket. Driftseiningar og husdyr, per 1. juni 1996.
Statistikken er ein del av Utvalsteljing for landbruket og kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir infor masjon: Dagfinn Sve, tlf. 62 88 52 61, e-post: sda@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 49, 1996