[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 15, 1999 Produksjonsindeks for industrien, februar 1999:

Produksjonsindeks for industrien, februar 1999:

Små endringar i industriproduksjonen


Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) synte ein nedgang på 0,6 prosent frå januar til februar 1999, når ein ser på sesongjusterte tal. Dette heng i første rekkje saman med lågare olje- og gassproduksjon. I same tidsrom auka industriproduksjonen med 0,2 prosent.

Industriproduksjonen var i perioden 1996-1997 i oppgang, dels driven av høg aktivitet i offshoresektoren. Gjennom 1998 og inn i 1999 har den stabilisert seg noko. Målt i vekekorrigerte tal var produksjonen i industrien 0,1 prosent lågare i februar 1999 enn i tilsvarande månad i 1998. Dersom ein ser på sesongjusterte tal i perioden desember 1998 til februar 1999, har det vore ein nedgang på 0,8 prosent samanlikna med dei tre førre månadene.

Svakare for plattformindustrien

Produksjonen i industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer hadde ein sesongjustert nedgang på 1,7 prosent frå januar til februar 1999. Nedgangen heng saman med ein svakare ordresituasjon for sentrale aktørar innanfor næringa. Aktørane melder òg om at denne utviklinga venteleg vil redusere produksjonen vidare utover i 1999.

Høg aktivitet i maskinindustrien

Den høge investeringsaktiviteten på fastlandet, i Nordsjøen og betre eks-ortmarknader set òg preg på utviklinga i maskinindustrien - ein bransje innanfor tradisjonell verkstadindustri. Bransjen kan vise til ein auke på om lag 5 prosent frå februar 1998 til februar i år, dersom ein ser på vekekorrigerte tal. Dei mest aktuelle tala syner ein sesongjustert auke på 1 prosent frå januar til februar i år.

Lågare olje- og gassproduksjon

Produksjonen av olje og gass vart lågare i februar enn i januar, og var også lågare enn for eit år sidan. I sesongjusterte tal var nedgangen på 2,5 prosent. Totalt var olje- og gassutvinninga om lag 4 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor.

Om statistikken

Oppgåvene til Statistisk sentral-byrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, februar 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Tom.Langer.Andersen@ssb.no, tlf. 21 09 47 29.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 15, 1999 [an error occurred while processing this directive]