[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 11, 1999

Konsumprisindeksen, per 15. februar 1999:

Dyrare helse- og omsorgstenester


Konsumprisindeksen steig med 0,3 prosent frå januar til februar 1999. Prisoppgang på enkelte tenester er ein faktor bak oppgangen, medan lågare prisar på mellom anna energiprodukt trekte i motsett retning.
Tenester (eksklusiv husleiger) hadde ein prisoppgang på 0,5 prosent sist månad. Det var særleg helse- og omsorgstenester som viste prisauke. Eigenbetaling for heimebasert omsorg, legebehandling og fysikalsk behandling steig alle med rundt 6 prosent, medan foreldrebetaling i barnehagar blei notert med ein auke på vel 4 prosent.

Særleg eigenbetaling hos legar har hatt ein kraftig auke dei siste åra. Etter å ha vore uendra sidan 1994 gjorde legetakstane eit hopp i 1997. Frå juli 1997 til februar 1999 har takstane stege med om lag 34 prosent. I same periode har takstane for fysikalsk behandling og heimebasert omsorg hatt ei meir moderat stiging.

Tannlegetakstar har også vist ei kraftig stiging dei siste åra. Sidan den offentlege prisreguleringa blei oppheva i januar 1996, har tannlegane sjølve hatt høve til å prise sine tenester. Frå dette tidspunktet har tannlegetakstane vist ein auke på om lag 26 prosent. I perioden 1993 til 1996 steig takstane med vel 7 prosent.

I tillegg til auken på enkelte tenester var prisoppgangen på klede og møb-lar viktige faktorar bak utviklinga i totalindeksen for februar.

Billegare energi
Prisane på bensin gjekk ned med 1 prosent frå januar til februar. Gjeninnføring av fraktutjamningstilskotet kan vere ei årsak til lågare bensinprisar. Nedgangen var noko kraftigare i Akershus enn i resten av landet. Etter tre månader med oppgang viste prisane på elektrisk kraft, inkludert nettleige og avgifter, ein svak reduksjon sist månad. Prisane var i februar om lag 3 prosent lågare enn i tilsvarande månad i fjor. Signala frå energiverka tyder på at det vil bli ytterlegare fall i prisane på elektrisk kraft i tida framover.

Harmonisert konsumprisindeks
Den norske harmoniserte indeksen auka med 0,4 prosent frå desember 1998 til januar 1999, medan den for heile EU gjekk ned med 0,2 prosent. Frå januar i fjor til januar i år var veksten på 2,0 prosent for Noreg. Dette gir Noreg den sterkaste konsumprisveksten målt ved endring dei siste 12 månadene i Norden. Danmark, Finland og Island hadde ei endring på respektive 1,2, 0,5 og 0,4 prosent. Sverige hadde inga endring frå januar i fjor til januar i år.

For februar var den norske harmoniserte konsumprisindeksen 105,9 (1996=100), ei stiging på 0,2 prosent frå januar i år og 2,0 prosent frå februar i fjor.

Om statistikken
Konsumprisindeksen sitt prismateriale er faktiske utsalsprisar per den 15. i månaden. For perioden august 1998-juli 1999 byggjer vektgrunnlaget på forbrukarundersøkingane for 1995, 1996 og 1997.

Grunnlaget for utrekning av konsumprisindeksen er et utval på om lag 900 spesifiserte forbruksvarer og tenesteytinger - representantvarer. Oppgåver til utrekning av indeksen vert henta inn frå et utval på om lag 2 200 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 50 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på om lag 95 kvar månad.

Ny statistikk
Konsumprisindeksen, per 15. februar 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Randi.Johannessen@ssb.no, tlf. 21 09 47 30, eller Berit.Koht@ssb.no, tlf. 21 09 47 61.

Tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 11, 1999 [an error occurred while processing this directive]