[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 10, 1999

Produksjonsindeks for industrien, januar 1999:

Energiproduserande næringar løfta totalindeksen


Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen), synte ein auke på 1,7 prosent frå desember 1998 til januar 1999 når ein ser på sesongjusterte tal. Dette hang saman med ein auke i olje- og gassutvinninga og i kraftproduksjonen. Innanfor industrien har produksjonen vore om lag uendra.
I sesongjusterte tal var auken i olje- og gassproduksjonen på 1,9 prosent frå desember 1998 til januar 1999. Totalt var olje- og gassutvinninga i januar i år om lag 6 prosent lågare enn i same månad i fjor.

Kraftproduksjonen var 2,6 prosent høgare i januar 1999 enn i desember 1998. I dei tre siste månadene har det vore ein liten nedgang innanfor industrien samanlikna med dei tre førre månadene, men dersom ein ser på vekekorrigerte tal var produksjonen i januar i år 2,4 prosent høgare enn tilsvarande månad i 1998.

Produksjonen i industri knytt til bygging og innreiing av oljeplattformer, synte ein klar nedgang frå desember i fjor til januar i år dersom ein sa-manliknar sesongjusterte tal. Det har her vore ein nedgang i aktiviteten hos nokre sentrale aktørar samanlikna med gjennomsnittet for 1998. Nærings- og nytingsmiddelindustrien hadde ein auke på om lag 5 prosent i same tidsrom, dersom ein samanliknar sesongjusterte tal. Her har det vore ein klar auke i produksjonen av fisk og fiskevarer knytt til sesongvariasjonar. Elles har det vore ein nedgang i næringar som gummivare- og plastindustrien og innanfor mineralproduktindustrien.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeidde timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, januar 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Tom.Langer.Andersen@ssb.no, tlf. 21 09 47 29.

Tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 10, 1999 [an error occurred while processing this directive]