[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 6, 1999

Byggjekostnadsindeks, bustader, januar 1999:

2 prosent auke i elektrikarkostnadene


Frå desember 1998 til januar 1999 steig dei totale mate-rialkostnadene for elektrikararbeid med 2 prosent. I denne perioden auka dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med 1,2 prosent for einebustader og rekkjehus og 1,1 prosent for bustadblokker.
Frå desember 1998 til januar 1999 auka dei totale materialkostnadene med 0,3 prosent for rekkjehus og bustadblokker og 0,2 prosent for einebustader. Dei totale byggjekostnadene auka med 0,2 prosent for rekkjehus og bustadblokker og 0,1 prosent for einebustader.

Den delindeksen som har stige mest det siste året, er delindeksen for elektrikararbeid. Frå januar 1998 til januar 1999 auka dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med 6 prosent for bustadblokker og 5,8 prosent for einebustader og rekkjehus. Auken i dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid var noko mindre, med 4,8 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.

Frå januar 1998 til januar 1999 steig dei totale byggjekostnadene med 4 prosent for bustadblokker, 3,8 prosent for rekkjehus og 3,5 prosent for einebustader. Dei totale materialkostnadene steig i dette tidsrommet med 2,5 prosent for bustadblokker, 2,1 prosent for rekkjehus og 2 prosent for einebustader.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert òg kalla faktorprisindeksar eller "input"-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, januar 1999.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ase.Wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller Lars.Henrik.Thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 6, 1999 [an error occurred while processing this directive]