[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 4, 1999

Utvalsteljing for landbruket. Jordarbeiding, 1997/98:

Store delar av kornarealet blir framleis pløgd om hausten


Over halvparten av kornarealet i 1998 vart pløgd hausten 1997, viser førebelse tal. Etter stor nedgang tidleg på 1990-talet, har no haustpløygsla stabilisert seg på 55-60 prosent av kornarealet.
Eit viktig tiltak for å redusere forureininga frå jordbruket er å erstatte haustpløygsla av kornareal med jordarbeiding om våren på dei mest erosjonsutsette areala. Frå 1989 til 1997 gjekk delen av haustpløgd areal ned frå 82 til 57 prosent for heile landet. Nedgangen i haustpløygd areal kom først på 1990-talet, og dei siste fem åra har det vore små endringar. Areal som vart jordarbeidd berre om våren, auka frå 26 prosent i 1992 til 36 prosent i 1998. Også her skjedde dei største endringane tidleg på 1990-talet.

For heile landet utgjorde det haustsådde kornarealet i 1997 11 prosent av det totale kornarealet. Dette er den største prosentdelen som er registrert på 1990-talet. I Østfold vart 22 prosent av kornarealet tilsådd hausten 1997, 16 prosent av kornarealet i Akershus/Oslo og Vestfold vart haustsådd og 11 prosent av kornarealet i Buskerud. I Hedmark, Oppland og Telemark vart 4-5 prosent av kornarealet haustsådd.

Det vart nytta kjemiske ugrasmiddel for å stoppe rotugras på 24 prosent av kornarealet i 1997/98. Tidlegare på 1990-talet har 13-23 prosent av kornarealet blitt sprøyta mot rotugras.

Om statistikken
Jordarbeidingsmåtane er delte inn i haustpløygsle, harving om hausten utan pløygsle, all jordarbeiding om våren og direkte sådd areal. Vidare blir haustsådd kornareal og areal som blir sprøyta med kjemiske middel mot rotugras registrert. Oppgåver over korn- og oljevekstareal og jordarbeidingsmåte er henta frå Utvalsteljing for landbruket 1998. Utvalsteljinga har også med skogrelaterte spørsmål og spørsmål om investeringar i maskinar, reiskap og driftsbygningar. Resultat frå desse emneområda blir publiserte i Ukens statistikk så snart dei ligg føre.

[Figur 16]

Figur 16: Areal av korn- og oljevekstar i alt og del av kornarealet med all jordarbeiding om våren. Utvalde fylke. 1997/98 *. Dekar


Ny statistikk
Utvalsteljing for landbruket 1998. Jordarbeiding 1997/98.
Statistikken er ein del av Utvalsteljing for landbruket og kjem ut årleg i Ukens stati-stikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Berit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07, eller Torbjorn.Solberg@ssb.no, tlf. 62 88 51 84.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 4, 1999 [an error occurred while processing this directive]