[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 2, 1999

Byggjekostnadsindeks, bustader, desember 1998:

3,8 prosent auke i byggjekostnadene


Frå desember 1997 til desember 1998 steig dei totale byggjekostnadene med 3,8 prosent. Auken var størst for bustadblokker med 4,1 prosent, medan dei totale byggjekostnadene steig med 3,9 prosent for rekkjehus og 3,6 prosent for einebustader.

Dei totale materialkostnadene auka med 2,3 prosent frå desember 1997 til desember 1998. Materialkostnadene for bustadblokker steig mest, med 2,6 prosent. Auken var noko mindre for rekkjehus og einebustader, med 2,2 prosent.

I denne perioden var det delindeksen for elektrikararbeid som steig mest. Då auka dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med om lag 6,5 prosent, medan dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid steig med 5,9 prosent.

Frå november 1997 til desember 1998 var det ingen endringar i dei totale byggje- og materialkostnadene.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller "input"-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sette i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, desember 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ase.Wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller Lars.Henrik.Thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 2, 1999 [an error occurred while processing this directive]