[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 1, 1999

Utdanningsstatistikk. Grunnskolar, 1. september 1998. Førebelse tal:

Stabil klassestorleik i grunnskolen


Elevtalet per klasse i grunnskolen har vore forholdsvis stabilt dei siste fem åra. I skoleåret 1998/99 er det 20 elevar per klasse. Totalt er det om lag 569 000 elevar i grunnskolen.

Det gjennomsnittlege elevtalet per klasse er 19,1 på barnesteget og 22,7 på ungdomssteget i skoleåret 1998/99. Det gjennomsnittlege elevtalet på barnesteget har auka frå slutten av 1980-talet. På ungdomssteget har det berre vore mindre endringar dei siste åra. I skoleåret 1990/91 var det 18,0 elevar per klasse på barnesteget og 22,1 på ungdomssteget.

Tal elevar på barnesteget aukar mest
Det samla elevtalet i grunnskolen har auka med 2 prosent frå skole-året 1997/98 til skoleåret 1998/99. 412 000 av elevane er å finne på barnesteget og 155 000 på ungdomssteget. 1 800 av elevane går i spe-sialklassar eller i eigne klassar for språklege minoritetar. På barnesteget har elevtalet auka med meir enn 10 000. Dette er ein auke på 2,5prosent. På ungdomssteget er det små endringar i elevtalet.

Mange nedlagde skolar i Møre og Romsdal og Hordaland
Frå september 1997 til september 1998 er det blitt oppretta 35 nye grunnskolar, medan 30 er blitt nedlagde. 12 av dei nedlagde skolane var i Møre og Romsdal og 8 i Hordaland. 13 av dei nedlagde skolane hadde mindre enn 20 elevar.

September 1998 var det registrert 3278 grunnskolar i Noreg; 2 086 barneskolar, 485 ungdomsskolar og 707 kombinerte barne- og ungdomsskolar.

I perioden frå september 1983 til september 1998 blei talet på grunnskolar i Noreg redusert med over 7prosent.

Om statistikken
Grunnskolestatistikken byggjer på førebelse tal frå Grunnskolenes informasjonssystem (GSI). Tala omfattar barn og unge som får opplæring etter grunnskolelova

[Figur 6]

Figur 6: Elevar per klasse i grunnskolen. 1982/83-1998/991


Ny statistikk
Utdanningsstatistikk. Grunnskolar, 1. september 1998. Førebelse tal.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk og i serien Aktuell utdanningsstatistikk. Meir informasjon: Undis.Dahl@ssb.no, tlf. 62 88 52 78, eller Bjorn-Erik.Myrvold@ssb.no, tlf. 62 88 55 79.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 1, 1999 [an error occurred while processing this directive]