[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 49, 1998

Utvalsteljing for landbruket. Driftseiningar og husdyr, per 1. juni 1998. Førebelse tal:

Bruka blir større og færre


I juni i år var det 77 500 bruk med minst fem dekar jordbruksareal i drift her i landet. Dette er 1 800 færre bruk enn i fjor, eller ein nedgang på 2,3 prosent. Sjølv om talet på bruk i drift går ned, har likevel ikkje jordbruksarealet blitt redusert.
Nedgangen i brukstalet har dei seinare åra lege på 2,3-2,6 prosent per år. Jordbruksarealet har derimot ikkje blitt redusert tilsvarande. Per 1. juni var det 10,2 millionar dekar jordbruksareal i drift. Dette er om lag like stort areal som i fjor, men ein auke på 148 000 dekar sidan 1992.

Fleire ammekyr
Per 1. juni var det 27 800 bruk med ku. Dette er ein nedgang på 600 bruk frå i fjor. Samstundes har ku-talet auka med vel 1 100. Det meste av auken kjem av ammekyr. Knapt 28 700 av i alt 348 800 kyr regist-rerte per 1. juni var ammekyr. Det er også i 1998 registrert ei viss utvikling i retning av færre, men større buskapar.

Færre sauer
Frå 1997 til 1998 har det også vore nedgang i talet på sau. Dette gjeld fleire fylke, som Hedmark, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nordland. Frå 1997 til 1998 gjekk talet på driftseiningar med sau ned frå 25 400 til 24 100. Det har dei seinare åra blitt relativt færre små buskapar med sau.

Om statistikken
Dyretala er henta frå Utvalsteljing for landbruket 1998. Utvalsteljinga har og med miljørelaterte spørsmål og spørsmål om investeringar i bygningar, maskinar og reiskap. Resultat frå desse emneområda blir publiserte i Ukens statistikk så snart dei ligg føre.

Ny statistikk
Utvalsteljing for landbruket. Drifts-einingar og husdyr, per 1. juni 1998. Førebelse tal.
Statistikken er ein del av Utvalsteljing for landbruket og kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Berit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07, eller Torbjorn.Solberg@ssb.no, tlf. 62 88 51 84.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 49, 1998 [an error occurred while processing this directive]