[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 46, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, oktober 1998:

Auka elektrikarkostnader


Frå september til oktober i år auka dei totale elektrikarkostnadene med 2 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker.
Dei totale materialkostnadene for delindeksen steig i denne perioden med 1,6 prosent. Stigninga er ein god del større enn for dei totale byggje- og materialkostnadene, som auka med om lag 1,1 og 0,2 prosent.

Auken i elektrikarkostnadene gjer at det er denne delindeksen som har stige mest i perioden oktober 1997 til oktober 1998. Då auka dei totale byggjekostnadene for elektrikararbeid med 6,6 prosent for bustadblokker og 6,5 prosent for einebustader og rekkjehus. Dei totale materialkostnadene for elektrikararbeid steig med 5,9 prosent i dette tidsrommet.

Til samanlikning auka dei totale byggjekostnadene frå september til oktober 1998 med 4,2 prosent for bustadblokker, 3,9 prosent for rekkjehus og 3,6 prosent for einebustader. Dei totale materialkostnadene gjekk opp med 2,8 prosent for bustadblokker, 2,3 prosent for rekkjehus og 2,1 prosent for einebustader i denne perioden.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk
Byggjekostnadsindeks, bustader, oktober 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ase.Wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61, eller Lars.Henrik.Thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 46, 1998 [an error occurred while processing this directive]