[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 45, 1998

Foreldrebetalingsundersøkinga for barnehagar, 2. halvår 1998:

Stor variasjon i betaling for barnehageplass


Det er stor variasjon i foreldrebetaling for ein kommunal barnehageplass. Skilnadene er størst for familiar med låg inntekt, men òg dei med høg inntekt merkar prisskilnadene. Ein del av prisskilnadene mellom kommunane kan forklarast ved at kommunane har valt ulike betalingssystem.
Ein familie med årleg bruttoinntekt på 375 000 kroner, må betale over dobbelt så mykje for ein kommunal barnehageplass i Ål samanlikna med Sirdal. Stord er dyrast for familiar med inntekt på 250 000 og 100 000 kroner. Det må her nemnast at Stord nyttar nettoinntekt som betalingsgrunnlag.

109 av landet sine kommunar og om lag 100 private barnehagar er med i foreldrebetalingsundersøkinga som Statistisk sentralbyrå har gjennomført for Barne- og familiedepartementet. Undersøkinga dekkjer vel 60prosent av barnehageplassane.

Månadssatsane varierer med over 2 000 kroner
Dersom ein fordeler årsbetalinga på elleve månader, varierer månadssatsane frå 1 181 til 3 300 kroner for familiar med 250 000 kroner i inntekt. For familiar med 375 000 kroner i inntekt varierer betalinga frå 1 885 i den rimelegaste kommunen til 3 920 kroner i den dyraste. Ti kommunar i utvalet tilbyr gratis barnehageopphald for familiar med inntekt på 100 000 kroner. Kostpengar kjem ofte i tillegg til desse satsane.

Det er ein stor del av inntekta som går med til å ha barn i barnehage. Familiar med 375 000 kroner i årleg inntekt og ein kommunal heildagsplass betalar i dag i gjennomsnitt 8prosent av inntekta si for denne plassen. For ein familie med same inntekt og to barn i barnehage går nærare 13 prosent av inntekta med.

Alle kommunane gir søskenmoderasjon for familiar med to eller fleire barn i barnehage. Reduksjon for barn nummer to varierer frå 20 til 50 prosent.

Flate satsar
Ein del av prisskilnadene mellom kommunane skuldast at kommunane har valt ulike betalingssystem. I eit fleirtal av kommunane betalar familiane såkalla flate satsar, medan dei resterande kommunane har betal-ingssatsar som varierer etter familien si inntekt. Desse sist nemnde kommunane har som regel høge betalingssatsar for familiar med middels eller høg inntekt og låge satsar for dei med inntekt på 100 000 kroner.

Private barnehagar som ikkje får kommunale tilskot bestemmer sjølv foreldrebetalinga. Det mest vanlege er ein fast pris per plass, det vil seie at det ikkje blir tatt omsyn til storleiken på familien si inntekt. Foreld-rebetalinga per månad i private barnehagar er gjennomsnittleg om lag 3500 kroner i dei største byane med omland. Dette er noko meir enn for kommunal barnehageplass.

Om statistikken
Undersøkinga er halvårleg og kartlegg betalingssatsar for heildagsopphald i barnehage for hushaldningar med brutto årsinntekt på 100 000, 250 000 og 375 000 kroner. Utvalet dekkjer 109 kommunar, det vil seie Oslo og seks kommunar frå kvart av dei 18 andre fylka i landet. Private barnehagar er inndelte etter område, der Oslo, Stavanger, Bergen, Trondheim og Bodø med omland er nytta. Private barnehagar er utan kommunal støtte.

Ny statistikk
Foreldrebetalingsundersøkinga for barnehagar, 2. halvår 1998.
Statistikken kjem ut i Ukens statistikk i mai og november kvart år. Undersøkinga blir gjennomført for Barne- og familiedepartementet. Meir informasjon: Kari-Anne.Hovland@ssb.no, tlf. 21 09 47 22, eller Frode.Bendiksen@ssb.no, tlf. 21 09 44 27.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 45, 1998 [an error occurred while processing this directive]