[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 41, 1998

Produksjonsindeks for industrien, august 1998:

Ekstraordinær låg oljeproduksjon i august


Produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning gjekk ned med 1,4 prosent den siste månaden. Totalindeksen er dermed 2,8 prosent lågare enn i august i fjor når ein samanliknar vekekorrigert statistikk. Nedgangen heng saman med den låge oljeproduksjonen i august i år.
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 14,8 prosent frå juli til august. Dette heng mellom anna saman med ein ekstraordinær driftsstans ved Ekofisk-feltet og ein vedlikehaldsstans ved mange av dei andre felta. Det har elles vore ein auke på 16,3 prosent i kraftproduksjonen frå juli til august. Kraftproduksjonen var i august 15,5 prosent høgare enn for eit år sidan.

Svak nedgang i industriproduksjonen
Produksjonen i industri og bergverksdrift hadde ein nedgang på 0,5 prosent frå juli til august. Innan- for industrien aleine var det ein nedgang på 0,4 prosent, når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Utviklinga gjennom dei seks siste månadene viser her ein nedgang på 0,2 prosent. Få næringar skil seg då ut med klar vekst.

I den siste månaden har det vore ein auke i næringar som mellom anna treforedling, forlag og grafisk industri og mineralprodukt- og metallindustrien, dersom vi samanliknar sesongjusterte tal. Innanfor nærings- og nytingsmiddelindustrien, trelast- og trevareindustrien og maskinindustrien har det vore ein nedgang.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad.Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk
Produksjonsindeks for industrien, august 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Oyvind.Naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller Kjell.Berger@ssb.no, tlf. 21 09 47 19.

Tabeller

Flere tabeller finner du på statistikkens faste side.

Ukens statistikk nr. 41, 1998 [an error occurred while processing this directive]