[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 38, 1998

Noregs fiskerier, 1. halvår 1996-1998:

Nedgang i fisket etter torsk, hyse og sild


Førebels tal viser at det blei fiska til saman 1,6 millionar tonn 1. halvår i år. Sjølv om dette er ein auke på 82000 tonn samanlikna med 1. halvår 1997, har det vore nedgang i fangstane av torsk, hyse, tobis og sild. Auken kjem av stor oppgang i kolmulefangstane.
Etter nokre år med jamn auke i fangstane av torsk og hyse, har det i 1. halvår vore ein nedgang. 1. halvår i år blei det fiska 225 000 tonn torsk. Det er ein nedgang på 19 prosent frå same periode i fjor.

Dei siste åra har det vore ein nedgang i fisket etter sild og brisling. Fangsten 1. halvår 1998 var 336 000 tonn. Samanlikna med 1. halvår 1997 var dette ein nedgang på 48000 tonn.

Fangsten av kolmule var 521 000 tonn. Dette var ein auke på 58 prosent samanlikna med 1. halvår 1997. Det har òg vore ein auke i fangstane av med anna sei og reke.

Det var høgare gjennomsnittspris på dei fleste viktige fiskeslaga 1. halvår i år enn i same periode i fjor. Med- rekna skaldyr, skjell og reker var førstehandsverdien 5,2 milliardar kroner i år mot 4,4 milliardar i fjor.

[Figur 8]

Figur 8: Oppfiska kvantum fordelt på fiskeslag. 1. halvår 1998


Ny statistikk
Noregs fiskerier, 1. halvår 1996-1998.
Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Fiskeristatistikk. Meir informasjon og e-post: anne.turi.baklien@ssb.no, tlf. 62 88 52 30, eller ase.mobraten@ssb.no, tlf. 62 88 52 31.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 38, 1998 [an error occurred while processing this directive]