[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 38, 1998

Kulturstatistikk. Bibliotek, 1997:

18,8 millionar utlån ved folkebiblioteka


Folkebiblioteka hadde 18,8 millionar utlån i 1997. Dette tilsvarar 4,3 bøker per innbyggjar. Høgast utlån hadde Vestfold der kvar innbyggjar i snitt lånte 5,6 bøker.
Av det totale utlånet var drygt 40 prosent, eller 7,5 millionar bind, utlån av litteratur til born. Folkebib-lioteka hadde ein samla bokbestand på drygt 20,5 millionar bind. Samla driftsutgifter var 803 millionar kroner. Dette tilsvarar nær 183 kroner per innbyggjar.

Skolebiblioteka hadde eit samla utlån på drygt 4,2 millionar bind i 1997. Dette tilsvarar 8,1 bind per elev. Høgast utlån hadde skolane i Vest-Agder med 13,6 utlån per elev. Lågast var Oslo med 2,2 utlån per elev. Skolebiblioteka hadde ein samla bokbestand på drygt 7,7 millionar bøker. Dette tilsvarar 14,8 bøker per elev. Tala for skolebibliotek er ikkje medrekna bibliotek ved vidaregåande skolar.

Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking i 1997 synte at 52 prosent av dei spurde hadde vore på folkebibliotek dei seinaste 12 månadene. For aldersgruppa 9-15 år var delen 73 prosent, medan berre 37 prosent av dei spurde i aldersgruppa 67-79 år hadde vore på folkebibliotek i denne perioden. Delen av kvinner var noko større en delen av menn, høvesvis 58 og 46 prosent. Tala syner òg at personar med høgare utdanning gjekk oftare på folkebibliotek enn dei med lågare utdanning. Dei spurde hadde i snitt vore på folkebibliotek fem gonger dei seinaste 12 månadene.

Fag- og forskingsbiblioteka hadde samla ein bokbestand på 18,1 millionar bind ved utgangen av 1997, fordelte på 394 bibliotekeiningar. Dette talet kan ikkje direkte samanliknast med talet på bind i 1996, då nokre bibliotek ikkje rapporterer inn statistikk kvart år. Dette gjeld særleg gruppa spesialbibliotek.

Boksamlinga ved nasjonalbiblioteket (hovudbiblioteket ved universitets-biblioteket i Oslo og avdelinga i Mo i Rana) utgjorde 15,7 prosent av den totale bokbestanden ved fag- og forskingsbiblioteka. Biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høg-skolane hadde ein del på 45,1 prosent. Dei offentlege spesialbiblioteka hadde 20,6 prosent av den totale bokbestanden.

Om lag 3,7 millionar utlån vart utførde ved desse biblioteka i fjor. Av dette var drygt 500 000 fjernlån. Fjernlån er utlån av originalmateriale eller kopitenester frå fagbibliotek til institusjon, bibliotek eller ekstern enkeltbrukar.

Utgiftene for 1997 synte at biblioteka i alt brukte drygt 190 millionar kroner til innkjøp av materiale til samlingane (akkvisisjon). Av desse utgiftene vart 51,7 prosent brukt av nasjonalbiblioteka og biblioteka ved universiteta og dei vitskapelege høgskolane.

Ved utgangen av 1997 hadde fag- og forskingsbiblioteka til saman knapt 1 900 tilsette som utførte i overkant av 1 600 årsverk.

Om statistikken
Statistikken for fag- og forskingsbibliotek er utarbeidd av Statistisk sentralbyrå og vert samla inn i samarbeid med riksbibliotektjenesten.

Statistikken over bruk av kulturtilbod er henta frå Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1997. Meir detaljerte tal over nordmenn sine kulturvanar finst i "Norsk kulturbarometer 1997" (Statistiske analysar nr. 25).

Ny statistikk
Kulturstatistikk. Bibliotek, 1997.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: vera.thrane@ssb.no, tlf. 62 88 52 57, eller thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 38, 1998 [an error occurred while processing this directive]