[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 24, 1998

Kulturstatistikk. Bøker, aviser og periodika, 1997:

Sterk auke i opplagstala for norsk fagpresse


Statistikken over bøker, aviser og periodika syner at opplagstala for norsk fagpresse har auka kraftig dei to seinaste åra. Størst vekst har det vore for emnegruppa varehandel, hotell og storkjøkken, med ein auke på knapt 34 prosent frå 1995 til 1997.

Fagpressa hadde eit samla opplag på nær 7,5 millionar eksemplar i 1997. Auken i opplaget frå 1995 til 1996 var på knapt 490 000 eksemplar medan auken i opplaget frå 1996 til 1997 var på nær 900 000 eksemplar. Fagblad knytta til fritid og kulturell/ideell verksemd utgjorde den største emnegruppa i 1997.

Til samanlikning hadde dagsavisene eit samla opplag på 3,7 millionar eksemplar. I 1997 var det 159 dagsaviser i Noreg. Opplagstala syner ein nedgang på 9 000 eksemplar frå 1996 til 1997, men ein auke på 100 000 eksemplar, eller knapt 3 prosent, for perioden 1993-1997. I 1997 kom 64 aviser ut seks gonger i veka. Fem aviser hadde søndagsutgåve.

Det vart utgjeve knapt 5 500 bøker og 750 småtrykk i 1997. Talet på utgjevne bøker og småtrykk gjekk samla ned med knapt 700 samanlikna med året før. Statistikken gjeld det året bøker og småtrykk er regist-rert ved Universitetsbiblioteket, og dette fell ikkje alltid saman med produksjonsåret.

Vekepressa hadde eit samla netto- opplag på knapt 2,8 millionar eksemplar per veke i 1997. Opplagstala auka med dryge 245 000, eller knapt 10 prosent, samanlikna med året før.

Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1997 synte at menn las meir riksaviser enn kvinner, respektive 52 og 42 prosent las minst ei riksavis kvar dag. Det var aldersgruppa 45-66 år som las mest aviser, 24 prosent i denne gruppa las tre aviser eller fleire ein gjennomsnittsdag. I aldersgruppa 9-15 år var det 46 prosent som ikkje las aviser.

Kvinner las meir bøker enn menn, 21 prosent av kvinnene las bøker ein gjennomsnittsdag. Kvinner las klart meir romanar og noveller enn menn. Menn las meir biografiar/memoarar og bøker om samfunn, politikk, kunst og historie enn kvinner.

Tabeller

  • Tabell 1. Aviser(1).
  • Tabell 2. Aviser(1). Opplagstal for dei største. 1993-1997
  • Tabell 3. Utgjevne bøker og småtrykk. 1987-1997
  • Tabell 4. Fagpresse. Talet på periodika og opplag, etter emnegruppe(1). 1995-1997
  • Tabell 5. Vekepresse(1). Opplagstal for dei største. 1993-1997
  • Tabell 6. Andel som har lese ulike avistyper og tal på aviser lese ein gjennomsnittsdag. Kjønn, alder, utdanning, landsdel og yrkesstatus. Prosent. 1997
  • Tabell 7. Andel boklesarar ein gjennomsnittsdag, fordelt på boktype. Kjønn, alder og utdanning. Prosent. 1997

    Om statistikken
    Statistikken over aviser er utarbeidd på grunnlag av materiale frå Norske Avisers Landsforbund (NAL). Statistikken omfattar berre aviser som er medlem av NAL.

    Statistikken over utgjevne bøker og småtrykk er utarbeidd på grunnlag av materiale frå Universitetsbiblioteket i Oslo. Oppgåvene omfattar bøker og småtrykk som er utgjevne i førsteutgåver. I statistikken er ein ikkje-periodisk publikasjon på minst 49 sider rekna som ei bok, medan eit småtrykk er ein ikkje-periodisk publikasjon på 5-48 sider.

    Oppgåvene over fagpressa omfattar berre tidsskrift som er medlem av Den Norske Fagpresses Forening. Tidsskrifta er inndelte etter ei gruppering som er utarbeidd av foreininga. Statistikken over vekepresse omfattar berre vekeblad som er medlem av foreininga Norsk Ukepresse.

    Statistikken over avis- og boklesing er henta frå Statistisk sentralbyrå si kultur- og mediebruksundersøking 1997. Meir detaljerte tal over nordmenn sine lesevanar finst i "Norsk mediebarometer 1997" (Statistiske analysar nr. 24).

    [Figur 2]

    Figur 2: Fagpresse. Opplagstal. 1995-1997


    [Figur 3]

    Figur 3: Aviser. Opplagstal. 1993-1997


    Ny statistikk

    Kulturstatistikk. Bøker, aviser og periodika, 1997.
    Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: vera.thrane@ssb.no, tlf. 62 88 52 57, eller thorstein.ouren@ssb.no, tlf. 62 88 52 71.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 24, 1998 [an error occurred while processing this directive]