[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 24, 1998

Produksjonsindeks for industrien, april 1998:

Vekst i industriproduksjonen


Produksjonen i industri og bergverksdrift har hatt ein vekst på 1,2 prosent frå mars til april. Ser ein på dei fire første månadene i år ligg produksjonen 4,6 prosent over tilsvarande periode i fjor.
Endringane i trenden peikar mot ein årsvekst på mellom 5 og 6 prosent i industrien. Mellom dei enkelte næringane skil oljeraffinering seg ut med ein klar nedgang. Dette heng saman med driftstans i deler av månaden. Andre næringar som kjemisk industri og elektroteknisk industri har hatt ein klar vekst.

Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 0,4 prosent frå mars til april. Produksjonen var om lag 4 prosent lågare enn tilsvarande månad i fjor. Det har elles vore ein nedgang på 1,4 prosent i kraftproduksjonen den siste månaden.

Uendra produksjonsindeks
Når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar var produksjonen i olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning uendra frå mars til april.

Tabeller

  • Tabell 01. Produksjonsindeksen. Prosentvis endring

    Om statistikken
    Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er tilverkingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

    Ny statistikk

    Produksjonsindeks for industrien, april 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: oyvind.naustdal@ssb.no, tlf. 21 09 47 35, eller kjell.berger@ssb.no, tlf. 21 09 47 19.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 24, 1998 [an error occurred while processing this directive]