[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 22, 1998

Aksjestatistikk, 1996:

Sterk auke i avsett aksjeutbytte


Ikkje-børsnoterte selskap sette i 1996 av eit samla aksjeutbytte på 39 milliardar kroner. Dette var ein auke på heile 50 prosent frå året før. Dei børsnoterte selskapa sette av eit aksjeutbytte på 9,4 milliardar kroner, noko som var ein auke på 18 prosent frå året før.
Den samla likningsverdien for ikkje-børsnoterte aksjar i norske selskap var på 156 milliardar kroner i 1996. Dette var ein auke på 14 prosent frå året før. Avsett aksjeutbytte for desse selskapa utgjorde 25 prosent av den samla likningsverdien for desse aksjane i 1996. Tilsvarande tal i 1995 var 19 prosent.

Til samanlikning var marknadsverdien for børsnoterte aksjar på 365 milliardar kroner ved utgangen av 1996, ein auke på om lag 30 prosent siste året. For dei børsnoterte selskapa utgjorde avsett aksjeutbytte om lag 3 prosent av samla marknadsverdi dei to siste åra.

Tabeller

  • Tabell 01. Aksjestatistikk. 1994-1996. Millionar kroner

    Om statistikken
    Statistikken byggjer på Skattedirektoratet sine register over pårekna verdi, likningsverdiar og sett av til utbytte for norske aksjeselskap. Opplysningar om børsnoterte selskap vert henta inn frå Oslo Børs.

    Ikkje-børsnoterte aksjar er førte opp med likningsverdiar, som er 30 prosent av aksjeselskapet sin samla skattemessige formuesverdi (jf. selskapsskattelova [[section]]2-2, punkt 2). Verdien av børsnoterte aksjar er basert på opplysningar frå Oslo Børs og gir marknadsverdien.

    Ny statistikk

    Aksjestatistikk, 1996.
    Statistikken kjem ut årleg i Ukens statistikk.
    Meir informasjon og e-post: sigrun.kristoffersen@ssb.no, tlf. 62 88 51 85, eller per.morten.holt@ssb.no, tlf. 62 88 53 21.

    Tabellregister


    Ukens statistikk nr. 22, 1998 [an error occurred while processing this directive]