[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 22, 1998

Fylkesfordelt nasjonalrekneskap, 1993:

Høgast bruttoregionalprodukt i Oslo og Rogaland


Bruttoregionalproduktet (BRP) per innbyggjar er høgast i Oslo, og ligg dobbelt så høgt som landsgjennomsnittet. Rogaland ligg også klart over landsgjennomsnittet med 13 prosent. I den andre enden av skalaen finn vi Nord-Trøndelag 27 prosent under landsgjennomsnittet og Finnmark og Oppland begge 25 prosent under landsgjennomsnittet. Dette viser tal frå fylkesfordelt nasjonal-rekneskap 1993.
Innpendling til Oslo gjer at ein stor del av bidraget til verdiskapinga skriv seg frå personar busette i andre fylke. Tala for BRP per sysselsett i fylka tek derimot omsyn til pendlinga. Fylke med stor utpendling har lågare indeksverdi for BRP per innbyggjar enn BRP per sysselsett. Dette omfattar særleg Akershus og i nokon grad Østfold, Vestfold, Telemark, Hedmark, Oppland og Buskerud. Resultata per sysselsett syner at Oslo ligg 29 prosent over landsgjennomsnittet. Rogaland har 11 prosent over landsgjennomsnittet. Buskerud og Agderfylka ligg også over gjennomsnittet når ein ser på denne indeksen.

Skilnader i næringsstruktur avgjer
Det er skilnader i næringsstruktur som er hovudårsaka til ulike indekstal. Fylke der kapitalintensive næringar dominerer, til dømes Rogaland med sine oljerelaterte næringar, får eit høgare tal for BRP enn til dømes fylke med store innslag av primærnæringar, som Hedmark, Oppland, Sogn og Fjordane og kysten nordover. Høgast bidrag til BRP per sysselsett finn vi for sekundærnæringane. For heile landet ser vi at ein sysselsett innanfor sekundærnæringane i gjennomsnitt bidrar med 346600 kroner til BRP. Tilsvarande tal for sysselsette innanfor tenesteyting er 319 900 kroner, medan ein sysselsett i primærnæringane bidreg med 199 100 kroner. Også her er variasjonane store fylka imellom.

Rogaland auka mest
Frå 1992 til 1993 auka BRP for Rogaland med 13,4 prosent i løpande prisar. Dette heng saman med den sterke auken i oljerelatert verksemd i 1993. Men også anna tenesteyting og sjøfart hadde ein kraftig auke i Rogaland. Oslo og Vest-Agder hadde begge ein auke på 8,8 prosent. Berre tre fylke hadde lågare BRP i 1993 jamført med tala for 1992: Akershus (-3 prosent), Møre og Romsdal (-0,4 prosent) og Troms (-0,4 prosent). Hovudårsaka var ein tilbakegang for industrien i dei nemnde fylka. Auken i dei andre fylka låg mellom 1,1 (Sogn og Fjordane og Oppland) og 6,9 prosent (Buskerud). For landet sett under eitt auka bruttonasjonalproduktet (BNP) i løpande prisar med 5,2 prosent.

Bruttoinvestering i fast realkapital
1993 var eit rekordår for oljeinvesteringar, noko som også syner seg i bruttoinvesteringane i realkapital for Rogaland og Hordaland. Samanlikna med 1992 auka investeringane her med høvesvis 34 og 26 prosent. Samstundes ser vi at den delen fylka har av dei totale investeringane i landet, samsvarer med den delen fylka har av totalt BNP. Unnateke frå dette mønsteret er Oslo og Ekstrafylket. Ekstrafylket omfattar verksemda i Nordsjøen og på Svalbard. Det konstruerte Ekstrafylket hadde i 1993 12 prosent av landet sitt totale BNP og 30 prosent av dei totale investeringane. For Oslo var forholdet motsett: Oslo hadde 20 prosent av det totale BNP for landet, medan delen av dei totale bruttoinvesteringane var på 12 prosent.

Dersom vi held Rogaland, Hordaland og Ekstrafylket utanfor, ser vi at investeringane målt som del av fylket sitt BRP ligg mellom 12 (Oslo) og 21 prosent (Finnmark). Generelt kan ein sjå at dei fylka som hadde ein relativ låg indeks for BRP, til gjengjeld hadde ein høgare investeringsdel enn fylka som hadde ein høgare indeks, som til dømes Buskerud og Agderfylka.

Tabeller

  • Tabell 1. Hovudtal fylkesfordelt nasjonalrekneskap. 1993
  • Tabell 2. Hovudtal per innbyggjar og sysselsett person
  • Tabell 3. Bruttoprodukt for næring/hovudkategori av næring/kategori av verksemd, etter fylke. 1993. Millionar kroner

    Om statistikken
    I den fylkesfordelte nasjonalrekneskapen søker ein å fordele tala frå nasjonalrekneskapen på dei ulike fylka. Ein legg vekt på at den økonomiske aktiviteten vert registrert på staden der den einskilde bedrifta held til, framfor til dømes staden der hovudkontoret ligg.

    Det har blitt laga fylkesfordelt nasjonalrekneskap for utvalde år sidan 1965, med 1992 som det siste året til no. For 1993 var det likevel ei råvareteljing for industrien, noko som gir betre kvalitet på industritala. Dei fylkesfordelte tala frå 1993 er tufta på dei same metodar og system for fordelingsnøklar som den fylkesfordelte nasjonalrekneskapen for 1992. I 1995 gjekk nasjonalrekneskapen gjennom ein hovudrevisjon, dels for å innarbeide ny statistikk, og dels for å innarbeide nye metodar, slik dei er nedfelt i "European System of National and Regional Accounts" (ESA 1995). Dei nye metodane er brukte på 1992-rekneskapen for fylka. Sjå NOS C 323 " Fylkesfordelt nasjonalregnskapsstatistikk 1992", for ein nærare dokumentasjon.

    Fylkesfordelt nasjonalrekneskap krev lang tilrettelegging av dei endelege nasjonalrekneskapstala. Tal kan difor ikkje bli offentleggjort før ei tid etter at den endelege nasjonalrekneskapen er avslutta. Det er ikkje planlagt noko nytt fylkesfordelt nasjonalrekneskap, men fra år 2000 er Noreg forplikta i samsvar med EØS-avtala å rapportere verdiskapingstal på fylkesnivå.

    [Figur 8]

    Figur 8: Bruttoregionalprodukt per innbyggjar og per sysselsett, 1993. Heile landet, ordinære fylke=100


    Ny statistikk

    Fylkesfordelt nasjonalrekneskap, 1993.
    Statistikken kjem ut i Ukens statistikk.
    Meir informasjon og e-post: hege.marie.edvardsen@ssb.no, tlf. 21 09 44 16, eller knut.o.sorensen@ssb.no, tlf. 21 09 45 07.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 22, 1998 [an error occurred while processing this directive]