[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 20, 1998

Konsumprisindeksen, per 15. april 1998:

Dyrare mat – rimelegare straum


Konsumprisindeksen steig med 0,1 prosent frå 15. mars til 15. april 1998. Auken i prisane på matvarer, fritidssyslar og flyreiser medverka til oppgangen, medan billegare elektrisitet og bensin trekte i motsett retning.
Totalindeksen for april var 275,8. Frå april i fjor til april i år steig konsumprisindeksen med 2,5 prosent, mot 2,3 prosent i mars.

Prisane på matvarer steig samla sett med 0,7 prosent siste månad, hovudsakleg grunna ein sesongmessig prisauke på grønsaker. Det var spe-sielt paprika og tomatar som hadde ein sterk prisoppgang. Auken i prisane på kaffi, sukker, mjølk og mjølkeprodukt var også viktige faktorar bak utviklinga frå mars til april. Matvareprisane var 4,3 prosent høgare i april enn på same tid i fjor. Dette er den høgaste veksten sidan desember 1988. Det er spesielt importerte produkt samt meieriprodukt som har hatt ein kraftig prisvekst dei siste 12 månadene.

Flyreiser viste ein prisoppgang på knapt 5 prosent frå sist månad. Ei forklaring kan vere endring i avgiftene. Høgare prisar på idrettsarrangement var også ei årsak til auken i totalindeksen frå mars til april.

Prisane på klede og skotøy steig med 0,5 prosent frå mars til april. Trass i prisoppgangen etter januarsalet, ligg prisane framleis vel 1 prosent lågare enn på same tid i fjor.

Prisfall på straum
Ein reduksjon i prisane på elektrisk kraft på rundt 5 prosent, medverka til å dempe prisauken. Nedgangen kjem av lågare kraftprisar. Energiverka som har sett ned prisane, er lokalisert over heile landet. Prisnivået på elektrisk kraft var i april knapt 6 prosent lågara enn på same tid i fjor. Bensinprisane gjekk ned med nær 2 prosent frå mars til april. Andre energiprodukt som parafin og fyringsolje hadde ein prisoppgang siste månad, medan prisen på fjernvarme blei kraftig redusert.

Harmonisert indeks
Den harmoniserte konsumprisindeksen for EØS-området, som vert laga for internasjonale samanlikningar av prisutviklinga, var 102,6 (1996=100) i mars 1998. Det er ein auke på 0,1 prosent frå februar 1998. Skilnaden mellom dei ulike landa i EØS-området er ikkje stor, og endringane er stabilt låge. Belgia og Tyskland er dei einaste landa med nedgang i konsumprisane frå februar til mars.

Den norske harmoniserte konsumprisindeksen var 104,5 (1996=100) i april 1998. Det gir ein auke på 2,2 prosent frå april i fjor og 0,1 prosent frå mars i år.

Tabeller

  • Tabell 01. Konsumprisindeks, 1979=100

    Om statistikken
    Konsumprisindeksen sitt prismateriale er faktiske utsalsprisar per den 15. i månaden. For perioden august 1997-juli 1998 byggjer vektgrunnlaget på forbruksundersøkingane for 1994, 1995 og 1996.

    Grunnlaget for utrekning av konsumprisindeksen er eit utval på om lag 800 spesifiserte forbruksvarer og tenesteytinger - representantvarer. Oppgåver til utrekning av indeksen vert henta inn frå et utval på om lag 2000 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 50000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på om lag 95 kvar månad.

    Ny statistikk

    Konsumprisindeksen, per 15. april 1998.
    Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon og e-post: frode.bendiksen@ssb.no, tlf. 21 09 44 27, randi.johannessen@ssb.no, tlf. 21 09 47 30, eller lasse.sandberg@ssb.no, tlf. 21 09 47 16.

    Tabellregister

    Ukens statistikk nr. 20, 1998 [an error occurred while processing this directive]