[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 20, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, april 1998:

Lønsoppgjeret gjev auka byggjekostnader


Dei totale byggjekostnadene steig med 1 prosent frå mars til april i år. Auken kjem i all hovudsak av tillegget ved årets lønsoppgjer. Dette syner førebels tal.
Byggjekostnadene auka med 1 prosent for rekkjehus og bustadblokker, medan indeksen steig med 0,9 prosent for einebustader. Dei totale materialkostnadene endra seg kun med 0,1 prosent i denne perioden.

Indeksen for måling, tapetsering og legging av golvbelegg har den største delen lønskostnader av delindeksane. For denne indeksen auka dei totale kostnadene med 1,2 prosent for einebustader og 1,6 prosent for rekkjehus og bustadblokker.

Frå april 1997 til april 1998 steig dei totale byggjekostnadene med 2,4 prosent. Størst var auken for rekkjehus og bustadblokker, med 2,5 prosent, medan auken var på 2,3 prosent for einebustader.

Tala kan bli korrigerte
Totalindeksen for april er førebels, og inkluderer tillegget frå årets sentrale lønsoppgjer for stein-, jord- og sementarbeid, tømring og snikring, måling, tapetsering og legging av golvbelegg og røyrleggjararbeid. Viss det endelege lønsoppgjeret i byggfaga avvik mykje frå det tilrådde forslaget som byggjekostnadsindeksen for april er regulert med, vil Statistisk sentralbyrå gje ut korrigerte tal for april.

Tabeller

Tabell 01. Byggjekostnadsindeks. 1978=100

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, april 1998.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon og e-post: ase.wilhelmsen@ssb.no, tlf. 62 88 54 61,eller lars.henrik.thingstad@ssb.no, tlf. 62 88 54 97.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 20, 1998 [an error occurred while processing this directive]