[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 7, 1998

Byggjekostnadsindeks, bustader, januar 1998:

Auka elektrikarkostnader


Materialkostnadene for elektrikararbeid auka med 3 prosent frå desember 1997 til januar 1998. Dei totale elektrikarkostnadene auka med 1,8 prosent for einebustader og rekkjehus, medan auken for bustadblokker var på 1,6 prosent.
Frå januar 1997 til januar 1998 gjekk dei totale elektrikarkostnadene opp med 4,5 prosent. Materialkostnadene for elektrikararbeid steig med 4,4 prosent. Dei totale byggjekostnadene auka i denne perioden med 2,3 prosent, medan dei totale materialkostnadene gjekk opp med 2,7 prosent.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller "input"-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Totalindeksen for byggjekostnader er sett saman av dei tre indeksane for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal. Vektene vert endra kvart år.

Tabeller

* Tabell 01: Byggjekostnadsindeks. 1978=100

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, januar 1998.
Statistikkenkjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post:wil@ssb.no, eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 97, e-post: lht@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 7, 1998