[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 50, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, november 1997:

Auka byggjekostnader


Dei totale byggjekostnadene steig mest for einebustader i perioden frå november i fjor til november i år. Auken var på 2,3 prosent. For bustadblokker var auken på 2 prosent.
Auken for rekkjehus var i same periode på 2,2 prosent. Frå oktober til november i år har det berre vore marginale endringar i byggjekostnadene for dei ulike typane av bustader.

Frå november i fjor til november i år auka dei totale materialkostnadene mest for rekkjehus, med 3,2 prosent. For både einebustader og bustadblokker var auken i materialkostnadene på 2,9 prosent.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Tabell


Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, november 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post:wil@ssb.no eller Lars H. Thingstad, tlf. 62 88 54 97, e-post:lht@ssb.no.

Tabellregister

Ukens statistikk nr. 50, 1997