[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 48, 1997

Byggjearealstatistikk, oktober 1997:

Størst byggjeaktivitet i Møre og Romsdal


Frå august til oktober i år vart det sett i gang bygging av flest bustader i Møre og Romsdal i forhold til innbyg-gjartalet. Her vart det sett i gang to bustader per 1 000 innbyggjarar. For landet var det tilsvarande talet 1,4.
I tillegg til Møre og Romsdal hadde også Akershus og Vest-Agder stor byggjeaktivitet, med 1,9 bustader per 1 000 innbyggjarar. Færrest bustader vart sette i gang i Oppland fylke med 0,6 bustad. I Telemark og Buskerud fylke vart det sett i gang 0,9 og 1,0 bustader.

Endring i talet på igangsette bustader frå august til oktober viser stor variasjon frå fylke til fylke når ein samanliknar med same periode i fjor. Hedmark har størst auke i igangsette bustader i denne perioden. Det er også kraftig vekst i Oslo og Vestfold.

I Oslo har talet på igangsette bustader vore forholdsvis lågt dei siste åra. Men talet på igangsette bustader frå august til oktober viser ein vekst sa-manlikna med same periode i fjor, frå 0,8 til 1,3 bustader. Talet på igangsette bustader per 1 000 innbyggjarar er likevel lågare her enn for heile landet sett under eitt.

Auke dei ti første månadene
I løpet av dei ti første månadene i år har det blitt sett i gang bygging av 17 305 bustader. Dette er ein auke på 15 prosent i forhold til same periode i fjor. Igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader auka også i denne perioden og ligg no 6 prosent over nivået i fjor.

I oktober vart det sett i gang totalt 2 152 bustader mot 2 127 i same månad i fjor. Same månad vart det sett i gang 491 800 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader. Det er 5 prosent meir enn i same månad i fjor.

Bergen kommune manglar
I oktober 1997 vart godkjente, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i juli registrerte i GAB-registeret. Desse bygga kjem derfor med på statistikken for denne månaden. Godkjente, igangsette og fullførte bygg i Bergen kommune i oktober 1997 vart ikkje registrerte i GAB-registeret denne månaden. Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I oktober vart det registrert igangsett 38 bustader, 6 500 kvadratmeter bruksareal til bustader og 9 200 kvadratmeter bruksareal til andre bygg enn bustader.

Igangsette og fullførte bygg i Trondheim kommune i september 1997 vart registrerte i GAB-registeret i oktober, og kjem derfor med på statistikken denne månaden. Igangsetjingstal medrekna justerte tal for Bergen og Trondheim kommune er gjevne i eigen tabell.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i oktober 1997 var etterslepet gjennomsnittleg 2,6 månader for bustader og 2,7 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader var det i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent. For året har det vist seg å vere godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 var det eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, oktober 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no, eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 48, 1997