[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 45, 1997

Produksjonsindeks for industrien, september 1997:

Vekst i industriproduksjonen


Produksjonsindeksen for olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning (totalindeksen) har hatt ein auke med 0,2 prosent frå august til september når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Industriproduksjonen har hatt ein vekst på 1,4 prosent. Skilnaden mellom totalindeksen og industriproduksjonen heng mellom anna saman med ein reduksjon i olje- og gassproduksjonen den siste månaden.
Industriproduksjonen ligg no berre 0,7 prosent over tilsvarande månad i 1996 når ein samanliknar vekekorrigert statistikk. Årsveksten i trenden for industriproduksjonen i september er på 1,1 prosent. Gjennom 1997 har industriproduksjonen hatt ein vekst på 2 prosent frå første til andre kvartal og på 1,7 prosent frå andre til tredje kvartal når ein tek omsyn til sesongvariasjonar. Tekstil- og klesindustri, trelast- og trevareindustri, metallvare-industri og møbelindustrien har hatt klar oppgang i denne perioden.

Næringar med energiproduksjon
Olje- og gassutvinninga vart redusert med 1,9 prosent frå august til september når ein tek omsyn til normale sesongvariasjonar. Reduksjonen heng mellom anna saman med stans i ved-likehaldet på Gullfaks-feltet i delar av september.

Kraftproduksjonen skil seg ut med ein klar auke på 9,8 prosent den siste månaden. Nivået på kraftproduksjonen ligg no 50 prosent over tilsvarande månad i 1996. Dette heng mellom anna saman med ein særs låg kraftproduksjon i september 1996 som følgje av låg fyllingsgrad i magasina.

Om statistikken
Oppgåvene til Statistisk sentralbyrå sin produksjonsindeks blir henta inn frå om lag 1 650 bedrifter med innsendingsfrist den 15. i kvar månad. Vektgrunnlaget er bearbeidingsverdi til faktorpris, og indikatorar for produksjonsvolumet er produksjon av viktige varer, arbeida timeverk eller råvareinnsats. Statistikken dekkjer olje- og gassutvinning, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.

Ny statistikk

Produksjonsindeks for industrien, september 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Kjell Berger, tlf. 21 09 47 19, e-post: ksb@ssb.no eller Tom Andersen, tlf. 21 09 47 29, e-post: tla@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 45, 1997