[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 43, 1997

Utdanningsstatistikk. Lærarar, 1. oktober 1996:

Kvinner underviser i grunnskular, menn på universitet


Hausten 1996 var det registrert drygt 99 000 lærarar i det norske skuleverket. Kvinnene utgjorde 54 000 eller 55 prosent av desse. Mens heile to av tre lærarar i grunnskulen var kvinner, gjaldt det berre for knapt ein av tre ved universiteta.
Dei siste åra har delen kvinner blant lærarane auka noko. Frå 1994 til 1996 auka delen frå 53,2 til 54,8 prosent. Ved universiteta og høgskulane var auken 2,2 prosentpoeng, i den vidaregåande skulen 2,5 prosentpoeng og i grunnskulen 1 prosentpoeng.

Meir enn ei av tre kvinner i
skulen arbeider deltid

Drøyt 27 prosent av lærarane arbeidde deltid hausten 1996. Berre 16 prosent av undervisningspersonalet ved universiteta og høgskulane arbeider deltid, mens motsvarande tal for den vidaregåande skulen og grunnskulen er 40 og 27 prosent. Vel 74 prosent av dei som var tilsette i deltidsstillingar var kvinner. I grunnskulen og den vidaregåande skulen arbeidde om lag 40 prosent av kvinnene i deltidsstillingar, medan berre 23 prosent på universiteta og høgskulane var tilsette i slike stillingar.

Fleire og eldre lærarar
Totalt auka lærartalet med nær 3 000 eller 2,9 prosent frå 1995 til 1996. Det er den største årlege auken sidan 1992. Av dei 99000 lærarane var om lag 56000 tilsette i grunnskulen, 29000 i den vidaregåande skulen og nær 14000 ved universiteta og høgskulane.

Rekna i årsverk motsvara lærarane sitt arbeid 86 000 årsverk. Sjølv om kvinnene arbeidde meir deltid enn mennene er dei så talrike i skulen at dei utførte 54 prosent av desse årsverka. I grunnskulen blei det utført nær 50000 årsverk, i den vidaregåande skulen 24000 årsverk og ved universiteta og høgskulane 12000 årsverk.

Gjennomsnittsalderen på lærarane heldt seg nokså stabil frå 1995 til 1996. Delen lærarar som er meir enn 50 år auka derimot frå 33,4 til 35,4 prosent. Dei siste fire åra har delen lærarar som er meir enn 50 år auka med 27 prosent. Høgskulelærarane er eldst mens universitetslærarane er noko yngre. Det er etter måten store regionale skilnader. Mens berre 20 prosent av lærarane i Finnmark var meir enn 50 år hausten 1996 var motsvarande del i Vestfold dobbelt så høg.

Om statistikken
Lærarstatistikken byggjer på tal frå Statens sentrale tenestemannsregister (SST) og Sentralt tenestemannsregister for skuleverket (STS). Opplysningar om lærarar ved skular som ikkje rapporterer til dei omtala registra, vert henta inn direkte frå den einskilde skulen. I utrekninga av gjennomsnittsalder og delar i ulike aldersgrupper er desse lærarane unnatekne. Statistikken femner om lærarar og personale som underviser ved alle skuleslag.

[Figur 5]

Figur 5: Del kvinnelege lærarar, etter skuleslag. 1996. Prosent


Ny statistikk

Utdanningsstatistikk. Lærarar, 1. oktober 1996.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk og i dei einskilde utdanningspublikasjonar i serien Noregs offisielle statistikk (NOS). Meir informasjon: Kurt Jonny Einarsen, tlf. 62 88 52 67, e-post: kuj@ssb.no eller Undis Dahl, tlf. 62 88 52 78,
e-post: uda@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 43, 1997