[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 42, 1997

Konsumprisindeksen, per 15. september 1997:

Dyrare husleiger og klede


Konsumprisindeksen steig med 0,4 prosent frå 15. august til 15. september 1997. Prisoppgang på klede og sko samt auke i husleiger medverka sterkast til stiginga. Frå september i fjor til september i år steig konsumprisindeksen med 2,3 prosent. Det er det same som i august. Totalindeksen for september var 270,9 (1979=100).
Prisane på klede og sko steig med 3,8 prosent frå august til september etter det årlege sommarsalet. Dette var den største årsaka til oppgangen i konsumprisindeksen frå førre månad.

Husleigene viste ein auke på 0,7 prosent i september. Dei hushalda som eig husværet gjennom burettslag opplevde den kraftigaste stiginga. Husleigene for leigde bustader viste berre svak endring. Husleigene går inn i konsumprisindeksen i mars, juni, september og desember.

Eigenbetaling i skulen auka med om lag 6 prosent frå januar til september. Teaterframsyningar har og auka sterkt i pris viser septembermålinga for konsumprisindeksen.

Mindre skilnad mellom Noreg og EU
Harmoniserte konsumprisindeksar for første del av 1997 syner lågare vekst i prisane siste 12 månader i EU samanlikna med Noreg.

Tala for august syner derimot tendensar til mindre skilnad i prisaukane mellom Noreg og EU. Prisane i Noreg steig med berre 0,2 prosent frå januar 1997 til august 1997, medan prisane i EU auka med 1 prosent i same periode. Veksten i Noreg i denne perioden er den lågaste i EØS-området. Billigare straum er ei av årsakene til den låge veksten i Noreg. Dei andre nordiske landa har saman med Hellas og Storbritannia høgast vekst i EØS-området.

Om statistikken
Konsumprisindeksen sitt prismateriale er faktiske utsalsprisar per den 15. i månaden. For perioden august 1997-juli 1998 byggjer vektgrunnlaget på forbruksundersøkingane for 1994, 1995 og 1996.

Grunnlaget for utrekning av konsumprisindeksen er eit utval på om lag 800 spesifiserte forbruksvarer og tenesteytingar - representantvarer. Oppgåver til utrekning av indeksen vert henta inn frå et utval på om lag 2 000 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 50 000 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på om lag 95 kvar månad.

Ny statistikk

Konsumprisindeksen, per 15. september 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Meir informasjon: Lasse Sandberg, tlf. 21 09 47 16, e-post: san@ssb.no, Geir Ormseth, tlf. 21 09 47 22, e-post: geo@ssb.no, Randi Johannessen, tlf. 21 09 47 30, e-post: raj@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 42, 1997