[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 32, 1997

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, per 1. januar 1997:

Islam aukar mest


Det har vore ein kraftig auke i talet på muslimar i Noreg dei siste åra. Berre sidan i fjor har talet på medlemmer auka med
4 600. Islam er no det største trussamfunnet utanfor Den norske kyrkja med vel 46 500 medlemmer.
Per 1. januar 1997 var det i Noreg 59 muslimske menigheiter med til saman 46 500 medlemmer. Over 80 prosent er tilknytta Oslo/Akershus. Dei største muslimske menigheitene finn vi elles i Buskerud, Rogaland, Hordaland og Østfold.

Det var til saman over 318 000 medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja per 1. januar 1997. Dette er ein auke på 16200, eller drøye 5 prosent sidan i fjor. Dei registrerte trussamfunna hadde 236000 medlemmer, dei uregistrerte 15 000 medlemmer, medan Human-Etisk Forbund hadde 67 000 medlemmer.

Dei største registrerte trussamfunna etter Islam var Pinsemenigheitene med 43 800 medlemmer og Den romersk-katolske kyrkja med 36 600 medlemmer. Medan talet på medlemmer i Pinsemenigheiter har vore stabilt dei seinaste åra, har Den romersk-katolske kyrkja hatt ein jamn auke, og sidan 1990 er det registrert 10 000 nye medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja.

Dei frie evangeliske forsamlingane var det største uregistrerte trussamfunnet med 4 100 medlemmer.

For livssynssamfunnet Human-Etisk Forbund held den kraftige auken i talet på medlemmer fram, slik den har gjort dei siste åra. Per 1. januar 1997 hadde Human-Etisk Forbund 67 200 medlemmer. Dette er ein auke på 2900 sidan i fjor, og heile 17 800 fleire medlemmer enn i 1990.

Om statistikken
Statistikken byggjer på oppgåver frå fylkesmenn over trus- og livssynssamfunn som har fått statstilskott. Som registrerte trussamfunn reknast trussamfunn som let seg registrere ifølgje lov av 13. juni 1969. Etter lovtilføyinga av 12. juni 1981 kan også uregistrerte trussamfunn søkje om tilskott frå stat og kommune. Registrerte og uregistrerte trussamfunn som ikkje søkjer om statstilskott er ikkje med i statistikken.

[Figur 1]

Figur 1: Medlemmer i trussamfunn utanfor Den norske kyrkja. 1990 og 1997


[Figur 2]

Figur 2: Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund. 1987, 1992 og 1997


Ny statistikk

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, per 1. januar 1997.
Statistikken kjem ut kvart år i Ukens statistikk. Meir informasjon: Thorstein Ouren, tlf. 62 88 52 71, e-post: tou@ssb.no eller Vera Thrane, tlf. 62 88 52 57, e-post: vet@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 32, 1997