[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 25, 1997

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands, per 15. mai 1997:

Auka prisar på raffinerte oljeprodukt


Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands auka med 0,4 prosent frå april til mai. Frå mai i fjor til same månad i år gjekk prisane opp med 1,3 prosent, etter ein auke på 0,8 prosent i april.
Det var gruppa brenselstoffer, brenselolje og elektrisk kraft som hadde størst auke frå april til mai. Prisane gjekk opp 1,4 prosent, etter eit fall på 0,9 prosent frå mars til april. Høgare prisar på raffinerte oljeprodukt er ein viktig faktor bak denne utviklinga.

I same tidsrom gjekk matvareprisane opp med 0,1 prosent. Her var det høgare prisar på kjøtt, fisk og kaffe som trakk indeksen opp. Også prisane på drikkevarer og tobakk auka, med 0,4 prosent. Prisane på bearbeidde varer gjekk opp med 0,4 prosent frå sist månad, hovudsakleg på grunn av høgare prisar på mellom anna trevarer, metall og ikkje-jernhaldige metallvarer. Dei siste 12 månadene har prisane på bearbeidde varer auka med 0,5 prosent.

Ny statistikk

Prisindeks for førstegongsomsetning innanlands, per 15. mai 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk. Den er også tilgjengeleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Statistisk månadshefte. Meir informasjon: Torill Amundsen, tlf. 21 09 47 42, e-post: tva@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 25, 1997