[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 16, 1997

Byggjekostnadsindeks, bustader, mars 1997:

Prisauke på røyrleggjararbeid


Materialkostnadene steig med 1,6 prosent for røyrleggjararbeid frå februar til mars 1997. Dei totale røyrleggjarkostnadene auka i den same perioden med 1,1 prosent for bustadblokker og med 1,2 prosent for einebustader og rekkjehus.

Frå februar til mars 1997 steig dei totale byggjekostnadene med 0,3 prosent. Materialkostnadene gjekk opp med 0,6 prosent for bustadblokker og med 0,5 prosent for einebustader og rekkjehus.

Frå mars 1996 til mars 1997 var auken i dei totale byggjekostnadene på 1,7 prosent for einebustader, rekkjehus og bustadblokker. I det same tidsrommet steig materialkostnadene med 1,7 prosent for einebustader, 1,9 prosent for rekkjehus og 2,1 prosent for bustadblokker.

Om statistikken
Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga til innsatsfaktorane ved bygging av bustader. Indeksane vert og kalla faktorprisindeksar eller «input»-prisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar. Grunnlaget for utrekninga er eit utval på 180 representantvarer. I tillegg vert ein del prisar henta frå andre prisstatistikkar som Statistisk sentralbyrå produserer.

Oppgåver til utrekning av indeksane vert innhenta frå eit utval på 320 bedrifter. Dei månadlege utrekningane byggjer på om lag 3 600 prisobservasjonar. Svarprosenten er normalt på 99.

Ny statistikk

Byggjekostnadsindeks, bustader, mars 1997.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Åse Wilhelmsen, tlf. 62 88 54 61, e-post: wil@ssb.no eller Solveig Nygårdseter, tlf. 62 88 51 74, e-post: snl@ssb.no.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 16, 1997