[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13, 1997

Prisindeks, nye einebustader, 4. kv. 1996:

Mindre prisauke på nye enn på brukte einebustader


Prisane på nye einebustader gjekk opp 2,7 prosent frå 4. kvartal 1995 til 4. kvartal 1996. I same periode auka prisen på brukte einebustader med 10,0 prosent.
Frå bunnivået i 1. kvartal 1993 auka prisane på både nye og brukte einebustader stort sett jamt fram til 1. kvartal i fjor. I denne perioden steig prisane på nye einebustader 19,6 prosent, medan prisane på brukte einebustader gjekk opp 30,7 prosent.

Frå 2. til 4. kvartal i fjor har prisane på nye og brukte bustader utvikla seg ulikt. Desse tre kvartala heldt prisane på nye einebustader seg tilnærma uendra. Dette var ikkje tilfelle for brukte einebustader. Prisane på slike bustader gjekk opp 4,0 prosent denne perioden.

Om statistikken
Prisindeksen for nye einebustader byggjer på opplysningar om fullførte einebustader i kvartalet. Sidan talet på einebustader som vert fullført kvart kvartal er avgrensa, vert det berre laga ein fellesindeks for heile landet. Indeksen for 4. kvartal 1996 byggjer på informasjon om 1 357 fullførte einebustader.

[Figur 4]

Figur 4: Prisindeksar for nye og brukte einebustader. 1991 =100


Ny statistikk

Prisindeks, nye einebustader, 4. kv. 1996.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no eller Arild Thomassen, tlf. 62 88 54 27, e-post: art@ssb.no .

Tabell

Ukens statistikk nr. 13, 1997