[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 13, 1997

Prisindeks, brukte bustader, 4. kv. 1996:

Brukte bustader 8 prosent dyrare i 1996


Statistisk sentralbyrå sin prisindeks for brukte bustader viser ein prisauke på 8 prosent frå 1995 til 1996. Blokkleilegheiter hadde størst auke i pris. Dei vart 11 prosent dyrare i denne perioden.
Alle dei fire geografiske sonene hadde auke i bustadprisen frå 1995 til 1996. Størst prisstigning var det i Oslo og Akershus. I desse fylka vart brukte bustader mellom 12 og 13 prosent dyrare. Storbyane Stavanger, Bergen og Trondheim og resten av landet hadde om lag lik prisauke. I desse områda gjekk prisen opp i underkant av 7 prosent.

Størst prisauke for blokkleilegheiter
Frå 3. til 4. kvartal i fjor steig prisane på brukte bustader med 2,2 prosent. Prisane på einebustader og småhus endra seg lite. Prisen på blokkleilegheiter gjekk derimot opp 4,5 prosent i denne perioden. Størst auke var det i prissona «resten av landet» som omfattar heile landet unnateke Oslo og Akershus og kommunane Stavanger, Bergen og Trondheim. I denne sona var blokkleilegheiter 5,2 prosent dyrare i 4. kvartal enn i 3. kvartal i 1996. I same perioden hadde Oslo med Bærum ein prisauke på 4,8 prosent og Akershus unnateke Bærum ein pris-auke på 4,6 prosent.

Høge prisar i Troms
Gjennomsnittlege kvadratmeterprisar for bustader omsett i fritt sal i fjor var høgast i Oslo. I dette fylket var gjennomsnittleg kvadratmeterpris for einebustader 8 697 kroner, for småhus 8 759 kroner og for blokkleilegheiter 9 910 kroner. For småhus følgjer så Akershus og Troms som begge hadde gjennomsnittlege kvadratmeterprisar over 7 000 kroner. Også blokkleilegheiter omsett i Troms i 1996 hadde høge prisar. Utanom Oslo var det berre Akershus og Nord-Trøndelag som hadde høgare gjennomsnittlege kvadratmeterprisar for slike bustader enn Troms.

Leilegheiter i bustadlag
A/L Norske Boligbyggelags Landsforbund sin prisstatistikk for leilegheiter i bustadlag viser ein auke i total omsetningspris på 4,8 prosent frå 3. til 4. kvartal i fjor. Alle regionane unnateke Trondheim har auke i prisen på slike bustader. Størst auke har Oslo.

Om statistikken
Statistisk sentralbyrå sin prisstatistikk for brukte bustader byggjer på tinglyste omsetningar i fritt sal frå det nasjonale Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret (GAB).

Bustadene er delte inn i tre hustypar; einebustader, småhus (tomannsbustader, rekkjehus og einebustader i kjede) og leilegheiter. Landet er delt inn i dei fire sonene Oslo med Bærum, resten av Akershus, storbyane Stavanger, Bergen og Trondheim og resten av landet.

Det vert utarbeidd prisindeksar for alle hustypar innan kvar sone. Indeksutrekningane for 4. kvartal 1996 byggjer på til saman 6 792 bustadomsetningar.

Statistisk sentralbyrå publiserer i tillegg A/L Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL) sin prisstatistikk for bustadlag. Prisindeksane er rekna ut på grunnlag av gjennomsnittleg totalpris (innskot + del fellesgjeld i bustadlaget), og vert ikkje korrigert for eventuelle kvalitetsendringar i bustadmassen slik som Statistisk sentralbyrå sine indeksar vert.

NBBL skil ikkje mellom småhus og einebustader, men delen av einebustader er så låg at Statistisk sentralbyrå og NBBL sine småhusomgrep truleg er samanfallande.

[Figur 2]

Figur 2: Prisindeks for brukte bustader i alt. 1991 =100


[Figur 3]

Figur 3: Prisindeks for brukte bustader i alt. Sjølveigar. 1991 =100


Ny statistikk

Prisindeks, brukte bustader, 4. kv. 1996.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no eller Arild Thomassen, tlf. 62 88 54 27, e-post: art@ssb.no .

Tabellar

Ukens statistikk nr. 13, 1997