[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 1-2, 1997

Byggjearealstatistikk, november 1996:

Vest-Agder på byggjetoppen i haust


Vest-Agder toppar statistikken over talet på igangsette bustader per innbyggjar i haustmånadene september, oktober og november. I dette fylket vart det sett i gang 2,0 bustader per 1 000 innbyggjarar i denne perioden. For heile landet samla er tilsvarande tal 1,3 bustader.
Finnmark og Nord-Trøndelag markerer seg også med høge tal for igangsette bustader i forhold til innbyggjartalet. I Finnmark er igangsetjingstalet desse månadene 1,9 bustader per
1 000 innbyggjarar, medan det for Nord-Trøndelag er 1,8 bustader.

Låg bustadbygging
Det vart sett i gang 1 599 bustader i november. Dette er 23 prosent færre enn i same månad i 1995. Også samanlikna med 1993 og 1994 er dette talet lågt. I november 1993 var igangsetjingstalet 2 057 bustader, medan det var 2 222 i november 1994. Dei 11 første månadene i 1996 er talet på igangsette bustader 11 prosent lågare enn same periode i 1995.

Mykje bruksareal til yrkesbygg i Oslo
Oslo står for om lag ein fjerdedel av igangsett bruksareal til andre bygg enn bustader i november. I heile landet vart det totalt påbegynt 268 600 kvadratmeter bruksareal til slike bygg. Dette er 12 prosent mindre enn i same månad i 1995. For perioden frå januar til november i 1996 er det likevel ein auke på 15 prosent i påbegynt bruksareal til andre bygg enn bustader, samanlikna med same periode i 1995.

Oslo kommune manglar
På grunn av kvalitetskontroll av data for Oslo kommune i GAB-registeret, vart godkjente, igangsette og fullførte bygg i Oslo kommune i november 1996 berre unntaksvis lagt inn i registeret. Vi har fått hovudtala for igangsette bygg direkte frå kommunen. I november vart det registrert igangsett 97 bustader, 13 300 kvadratmeter bruksareal til bustader og 65 100 kvadratmeter bruksareal til andre bygg i Oslo. Desse tala er inkluderte i teks-ten ovanfor og i tabellane over igangsette bygg.

Om statistikken
Byggjearealstatistikken er basert på bygningsregisteret i GAB (Grunneigedoms-, Adresse- og Bygningsregisteret). Miljøverndepartementet eig registeret, medan det faglege ansvaret er ivareteke av Statens kartverk. Kommunane registrerer alle nye bygg ved tre tidspunkt; godkjenning av kommunen, igangsetjing og fullføring. Kvar månad vert totale og fylkesvise tal for talet på bustader, bruksareal til bustader og bruksareal til andre bygg publiserte. Kvartals- og årsstatistikken gjev tal på kommunenivå.

Det er eit visst etterslep i registreringane av byggjesaker til GAB-registeret. Undersøkingar av igangsette bygg i 1993 og 1994 viste eit gjennomsnittleg etterslep på 1,4 månader for bustader og 2,2 månader for bruksareal til andre bygg. For bygg registrerte i november var etterslepet gjennomsnittleg 3,3 månader for bustader og 3,5 månader for andre bygg.

På grunn av etterslepet vil månadsstatistikken kunna liggja litt under eller over faktiske tal. For talet på bustader hadde vi i 1994 eit gjennomsnittleg avvik på 10,3 prosent og for bruksareal til andre bygg 15,0 prosent . For året har det vist seg å være godt samsvar mellom registrerte og faktiske tal. I 1994 hadde vi eit avvik på 0,2 prosent for talet på bustader og 3,8 prosent for bruksareal til andre bygg.

Ny statistikk

Byggjearealstatistikk, november 1996.
Statistikken kjem ut kvar månad i Ukens statistikk og i månadsheftet Bygginfo. Meir informasjon: John Bjørke, tlf. 62 88 54 30, e-post: job@ssb.no eller Ingvei Seliussen, tlf. 62 88 55 15, e-post: ins@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 1-2, 1997