[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 22, 1996

Talet på svin og slaktekylling aukar


Det blir færre bruk med husdyr her i landet, men produksjonen av både svin og slaktekylling aukar.

Talet på bruk med husdyr går ned. I fjor søkte 54 000 husdyrbrukarar om produksjonstillegg. Det er ein nedgang på 800 frå året før.

Talet på alssvin har auka med 4 prosent frå 1994 og var 90 800 pr. 31. desember 1995. Talet på slaktesvin påsett i perioden 1. august til 31. desember i fjor var 559 800, ein auke på 6 prosent i høve til same periode året før. Auken i påsett av slaktesvin kjem av at dei som driv med slaktesvin auka buskapsstorleiken. Medan gjennomsnittleg påsett pr. driftseining var 89 slaktesvin i 1994, auka talet til 99 slaktesvin i fjor. Talet på slaktekyllingar har også auka. I perioden 1. august til 31. desember 1995 blei det sett på 8,6 millionar kyllingar, 11 prosent fleire enn i same periode året før. Av desse utgjorde slaktekyllingar av høns 97 prosent, medan kyllingar av kalkunar, ender og gjæser utgjorde 3 prosent.

Det blei søkt om produksjonstillegg for 1 012 000 storfe pr. 31. desember 1995. Av desse var 324 000 mjølkekyr og 20 000 ammekyr. Medan talet på mjølkekyr har gått ned 6 prosent sidan 1989, har talet på ammekyr blitt tredobla sidan 1989. Talet på vinterfôra sauer var 1,1 millionar i 1995, ein auke på 2 prosent i høve til året før.

Talet på høner var 3,5 millionar i 1995, ein nedgang på 2 prosent frå året før. Talet på mjølkegeit endra seg lite i høve til 1994. Pr. 31. desember i fjor var det 59 700 mjølkegeiter.

Rogaland var framleis det fylket som hadde flest husdyrbrukarar, 6 051, og i dette fylket var det også flest storfe, sau, svin og høner. Østfold hadde flest slaktekyllingar, medan Troms hadde flest mjølkegeiter samanlikna med andre fylke.

Ny statistikk

Husdyrhald, pr. 31. desember 1995.
Statistikken er basert på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstillegg pr. 31. desember. Den kjem ut årleg i Ukens statistikk og Regionalstatistikk. Meir informasjon: Ragnhild Langbakk Bruholt, tlf. 62 88 51 86, e-post: rab@ssb.no eller Kjell Erik Kordal, tlf. 62 88 51 82, e-post: kor@ssb.no.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 22, 1996