[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]
Ukens statistikk nr. 6, 1996

Mindre korn – meir eng


Dei siste fem åra har kornarealet minka år for år. Samstundes har arealet av eng til slått og beite auka. Samla har jordbruksareal i drift auka med om lag 150 000 dekar på fem år.

Auken i jordbruksarealet, saman med omlegginga frå korn til eng, må ein sjå i samanheng med omlegging av stønadsordningane i jordbruket. Desse har dei seinare åra blitt lagde om til meir produksjonsnøytrale areal- og kulturlandskapstilskot.

Mindre korn dei seinare åra
Kornarealet i 1995 utgjorde 33 prosent av det samla jordbruksarealet på 10,3 mill. dekar som var i drift. Korndyrkinga fordelte seg med 52 prosent bygg, 28 prosent havre, 19 prosent kveite og 1 prosent rug. Østfold, Akershus/Oslo, Hedmark og Vestfold er dei største kornfylka, og hadde til saman 66 prosent av det totale kornarealet i landet. Kornarealet har dei siste fem åra gått ned med 306 400 dekar eller 8,3 prosent.

Meir eng
Areal av eng til slått og beite har auka dei seinare åra. Veksten har vore særleg stor for eng som ikkje er fulldyrka. Det heng saman med strengare krav til spreieareal for husdyrgjødsel og omlegging til meir produksjonsnøytrale tilskotsordningar. I 1995 var det 4,6 mill. dekar fulldyrka eng og 1,3 mill. dekar anna eng.

Oljevekstarealet har vore i sterk vekst dei seinare åra og auka siste året med 12 000 dekar til 111 000 dekar. Potetarealet auka med 9 000 dekar siste året, og er utrekna til 179 700 dekar i 1995. Arealet av rotvekstar til fôr minkar sterkt og var 11 000 dekar i 1995.

Aukande tal ammekyr
Det blir færre mjølkekyr, medan talet på ammekyr aukar. I 1995 var det 316 000 mjølkekyr og 21 000 ammekyr. Talet på anna storfe auka med 1,2 prosent siste året til 650 000 dyr pr. 31. juli 1995. Rogaland hadde flest kyr i 1995 med 55 000 dyr. Dette utgjer 16 prosent av landstalet. I dei typiske kornfylka Østfold, Akershus/Oslo, Hedmark og Vestfold har storfetalet auka med 10 prosent frå 1990 til 1995. Dette kjem av auke i spesialisert kjøtproduksjon av storfe. Talet på svin auka med 2 prosent frå 1994. I 1995 var talet på alssvin 90 000, medan slaktesvin påsett i perioden 1. januar til 31. juli 1995 var 671 000. Rogaland og Nord-Trøndelag har vel ein tredjedel av svinehaldet i landet.

Talet på mjølkegeiter var 59 000 i 1995, ein nedgang på 1,5 prosent frå året før. Talet på høner og livkyllingar gjekk også ned, derimot auka talet på kylling sette på til slakt.

[Figur 5]

Figur 5: Relativ endring av areal og husdyr1, 1990 til 1995. 1990 =100


Ny statistikk

Jordbruksareal og husdyr, pr. 31. juli 1995 (førebels tal).
Statistikken er basert på oppgåver gitt i samband med søknad om produksjonstillegg pr. 31. juli og utrekna tillegg for brukarar som ikkje søkte. Kjem ut årleg i Ukens statistikk og Noregs offisielle statistikk (NOS) Regionalstatistikk. Meir informasjon: Ragnhild Langbakk Bruholt, tlf. 62 88 51 86 eller Kjell Erik Kordal, tlf. 62 88 51 82.

Tabellar

Ukens statistikk nr. 6, 1996