97773
97773
Fleire barn i statlege fosterheimar
statistikk
2013-09-12T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet
no
bave_statres, Statleg barnevern - StatRes (opphørt), statleg barnevern, barnevernsinstitusjonar, fosterheimar, driftsutgifter, barnevernstiltak, oppholdsdagar, barne-, ungdoms- og familieetaten, Bufetat, barnevernspersonell (for eksempel barnevernspedagogar, sosionomar, førskolelærarar)Barne- og familievern, Sosiale forhold og kriminalitet
true

ssb.no kan være ustabil og Statistikkbanken vil være utilgjengelig i perioden mellom klokka 17 og 20 i dag pga. vedlikehold. Beklager ulempene dette måtte medføre.

Statleg barnevern - StatRes (opphørt)2012

Denne statistikken er nedlagd.

Innhald

Publisert:

Fleire barn i statlege fosterheimar

Frå 2011 til 2012 var det ein auke på nærare 13 prosent i talet på barn i statlege fosterheimar. I same perioden var det også registrert ein vekst på 6 prosent i talet på barn i det statlege barnevernet, slik at det på slutten av 2012 i alt var 6 200 barn som fekk tiltak frå statleg barnevern.

Statleg barnevern - StatRes. Ressursinnsats, aktiviteter og tenester, einingskostnader
201020112012
Ressursinnsats
Eigenproduksjon (mill. kr)3 552,13 640,93 755,8
Avtalte årsverk eksklusive lange fravær4 3754 6094 368
Aktivitetar og tenester
Barn i statlege barnevernstiltak per 31.125 6765 8046 162
Barn i statlege barnevernstiltak (per 1 000 barn 0-19 år)4,64,64,9
Barn i barnevernsinstitusjonar per 31.121 2851 1961 231
Barn i fosterheimar i statleg regi per 31.123 3323 6374 096
Barn i hjelpetiltak i heimen per 31.121 059971835
Opphaldsdagar i statlege barnevernstiltak1 127 7681 099 3631 118 661
Einingskostnader (kr)
Utgifter per oppholdsdag i statlege barnevernsinstitusjonar8 1188 8638 425
Utgifter per oppholdsdag ved kjøp frå private barnevernsinstitusjonar5 9136 7366 699
Utgifter per oppholdsdag i fosterheimar2 6942 9163 057
Utgifter per oppholdsdag i hjelpetiltak i heimen1 3291 2631 431
Figur 1. Talet på barn i statleg barnevern, etter tiltakskategori. Per 31.  desember. 2004-2012

Det var i overkant av 4 100 barn i statlege fosterheimar på slutten av 2012. Dette er ein vekst på 13 prosent frå året før. På berre fem år har talet på barn i statlege fosterheimar auka med over 75 prosent, frå vel 2 300 barn i 2007 til altså 4 100 i 2012. Ser ein på alle barn med tiltak i det statlege barnevernet, var det ein auke på 6 prosent, eller om lag 360 barn, frå 2011 til 2012. Totalt var det på slutten av 2012 nesten 6 200 barn i det statlege barnevernet, av desse var nesten 67 prosent i fosterheimar, medan 20 prosent var i institusjonar, og i underkant av 14 prosent fekk tiltak i heimen.

Færre barn i barnevernsinstitusjonar

Til saman var det vel 1 200 barn i barnevernsinstitusjonar ved utgangen av 2012. Dette er 24 prosent færre enn ved oppstarten av StatRes-rapporteringa i 2004. På desse åtte åra har barnevernsinstitusjonar blitt ein stadig mindre del av tilbodet i det statlege barnevernet. I 2004 fekk 37 prosent av barna i det statlege barnevernet ein plass i barnevernsinstitusjon, medan dette tiltaket i 2012 hadde ein del på berre 20 prosent. På grunn av endringar i rapporteringa av tiltaket ”senter for foreldre og barn” i 2011 bør ein vere varsam med å samanlikne tala for 2011 og 2012 for barnevernsinstitusjonar.

Nedgang i talet på årsverk

I 2012 var det nærare 4 400 avtalte årsverk eksklusive lange fråvær i det statlege barnevernet. Det er ein nedgang frå året før på nesten 250 årsverk, eller 5 prosent. I denne perioden var det særleg Region nord som hadde ein reduksjon i årsverka med heile 14 prosent.

Private aktørar store i det statlege barnevernet

I løpet av 2012 blei det registrert i overkant av 1,1 millionar opphaldsdagar i det statlege barnevernet , av desse var nesten 43 prosent i fosterheimar, nesten 41 prosent i barnevernsinstitusjonar og vel 16 prosent var frå hjelpetiltak i heimen. Ser ein berre på fosterheimar og institusjonar står privateigde føretak for om lag 40 prosent av opphaldsdagane. For institusjonane var meir enn halvparten av opphaldsdagane i privateigde institusjonar. Samanliknar ein kostnad per opphaldsdag i dei offentlege og private institusjonane, viser det seg at dei private har ein lågare kostnad per opphaldsdag, med 6 700 kroner kontra 8 400 i dei statlege.

Vekst i utgiftene per opphaldsdag i fosterheimar

Gjennomsnittleg utgift per opphaldsdag i statlege fosterheimar var nesten 3 100 kroner i 2012, noko som er ein auke frå året før på nesten 5 prosent. Det er særleg regionane Midt-Noreg og Aust som bidreg til denne veksten, med høvesvis 17 og 9 prosent oppgang. Desse to regionane har også den høgaste utgifta per opphaldsdag for statlege fosterheimar, høvesvis 13 og 15 prosent over landsgjennomsnittet.

Statleg barnevern kosta 6,1 milliardar kroner

I 2012 var dei totale utgiftene til det statlege barnevernet nesten 6,1 milliardar kroner. Dette er over 4 prosent, eller 254 millionar kroner, meir enn i 2011. I 2012 som året før er det særleg utgiftene til fosterheimar som har auka, og oppgangen var på totalt 210 millionar kroner, eller i overkant av 13 prosent. I 2012 var det i overkant av 3 milliardar kroner som gjekk til løn, ein oppgang på 3,5 prosent frå året før.