Artikkel

Barn og unge med innvandrarbakgrunn i barnevernet

Delen innvandrarbarn undersøkte av barnevernet aukar med alderen

Barnevernet set i gang fleire undersøkingar blant norskfødde med innvandrarforeldre i førskolealder enn blant dei i den same aldersgruppa som er innvandra. Når det gjeld tenåringar, er det tvert om mest undersøkingar av innvandrarar, mens det i aldersgruppa 6-12 år er små skilnader mellom gruppene.

I kva grad gjeld meldingar til barnevernet barn og unge med innvandrarbakgrunn, og kor mange undersøkingar blir sette i gang - samanlikna med barn og unge utan innvandrarbakgrunn? Det er publisert fire nye tabellar i statistikkbanken med tal for meldingar, undersøkingar og tiltak for åra 2013-2015. Denne artikkelen ser på tala for meldingar og undersøkingar.

SSB har allereie skrive ein artikkel om tiltak frå barnevernet blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Barnevernet - frå melding via undersøking til tiltakÅpne og lesLukk

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjere om dei skal setje i gang ei undersøking eller leggje bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan tre månader konkludere med om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggje bort saka. 

Barnevernlova seier at barnevernet kan gripe inn overfor barn under 18 år, men tiltak starta før fylte 18 år kan halde fram som hjelpetiltak dersom barnet sjølv ønskjer det. Tala for meldingar, undersøkingar og omsorgstiltak i denne artikkelen er derfor for aldersgruppa 0-17 år, medan hjelpetiltak og tiltak i alt er for aldersgruppa 0-22 år.

 

Korleis er alderssamansetninga for dei med innvandrarbakgrunn?Åpne og lesLukk

Av 1 462 732 barn og unge i alderen 0-22 år per 1.1.2016 var 16 prosent innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Gruppa norskfødde med innvandrarforeldre var størst med 126 761 barn og unge. Gruppa innvandrarar var på 107 616. Det er svært ulik alderssamansetning i dei to gruppene. Blant norskfødde med innvandrarforeldre er det største årskullet 0 år og årskulla blir gradvis mindre dess eldre barna blir. Medan det er omvendt for innvandrarar der det største årskullet er dei på 22 år.

Innvandrarar i tenåra vert oftast undersøkte

I kva aldersgruppe innvandrar og norskfødde med innvandrarforeldre kjem inn i barnevernet, varierer ein del. Medan delen norskfødde med innvandrarforeldre under 6 år der det vart starta undersøking var 54 per 1 000 i 2015, var delen 33 per 1 000 innvandra barn. For tenåringane, 13-17 år, er biletet heilt snudd. Her var delen innvandrarar med undersøking heile 80 per 1 000, medan 59 per 1 000 blant norskfødde med innvandrarforeldre vart undersøkte av barnevernet i løpet av 2015.

Figur 1

Figur 1. Undersøkingar starta i løpet av året per 1 000 barn 0-17 år, etter innvandrarbakgrunn, landbakgrunn og aldersgrupper. 2015. Klikk på bildet for SVG-versjon.

Oftare innvandrarar med melding

Av i alt 53 150 meldingar til barnevernet i 2015 gjaldt 5 748 meldingar innvandrarar og 7 850 saker norskfødde med innvandrarforeldre. Flest med melding i høve til folketalet var det blant innvandrarar, 73 per 1 000. For norskfødde med innvandrarforeldre var talet 64 per 1 000, og den minste delen var blant dei utan innvandrarbakgrunn med 36.

Delen med melding blant dei med innvandrarbakgrunn var klart mindre for dei med bakgrunn frå EU etc. enn tilsvarande tal for Asia, Afrika etc.

Figur 2

Figur 2. Barn med melding til barnevernet per 1 000 barn 0-17 år, etter innvandrarbakgrunn, landbakgrunn og aldersgrupper. 2015. Klikk på bildet for SVG-versjon.

 

Landbakgrunn eit viktig skilje

I dei fleste aldersgruppene er det små skilnader i delen med melding mellom dei som har bakgrunn frå EU etc. - anten dei er innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre. Unntaket er aldersgruppa 13-17 år der det er noko fleire innvandrarar enn norskfødde med innvandrarforeldre frå EU, som har fått melding, sett i høve til folketalet.

Ser vi på barn under 6 år, er delen med melding med bakgrunn frå Asia, Afrika etc. større blant norskfødde med innvandrarforeldre enn blant innvandrarar med same landbakgrunn. Medan det er klart større delar blant innvandrarar frå Asia, Afrika etc. i dei eldre aldersgruppene. Spesielt for 13-17-åringar skil innvandrarane frå Asia, Afrika etc. seg frå norskfødde med foreldre med bakgrunn frå dei same områda: Desse innvandrarane har ein del på 106 per 1 000 med melding.

Flest undersøkingar starta for innvandrarar

I aldersgruppa 0-17 år vart det starta flest undersøkingar blant innvandrarar:

- 67 per 1 000 innvandrarar

- 59 per 1 000 norskfødde med innvandrarforeldre

- 33 per 1 000 barn utan innvandrarbakgrunn

Men det er stor skilnad mellom innvandrarar frå Asia, Afrika etc. med 89 undersøkingar starta per 1 000 barn og innvandrarar frå EU etc. som berre har 43 undersøkingar per 1 000 barn. Også blant norskfødde med innvandrarforeldre er denne skilnaden stor med 69 undersøkingar starta per 1 000 barn med foreldre frå Asia, Afrika etc. og 29 per 1 000 med foreldre frå EU etc.

Også når det gjeld undersøkingar, er det starta fleire i dei yngste aldersgruppene for norskfødde med innvandrarforeldre frå Asia, Afrika etc. enn for innvandrarar frå desse landa. Medan det i dei eldste aldersgruppene er større delar blant innvandrarar enn blant norskfødde med innvandrarforeldre. Det er jamnare fordeling blant dei med landbakgrunn frå EU etc. Unntaket er aldersgruppa 13-17 år der delen blant innvandrarar er noko større enn blant norskfødde med innvandrarforeldre.

Norskfødde med innvandrarforeldre: noko færre undersøkingar konkluderte med tiltak

Prosentdelane av undersøkingane som vart konkluderte med vedtak om tiltak inkludert begjæring om tiltak for fylkesnemnda, er omtrent like blant innvandrarar og barn utan innvandrarbakgrunn - 43 prosent - medan delen blant norskfødde med innvandrarforeldre var 37 prosent i 2015. Innvandrarar frå EU etc. er på nivå med norskfødde med innvandrarforeldre, der det ikkje er store skilnader etter kva landbakgrunn dei har. Innvandrarar frå Asia, Afrika etc. er dei som oftast får konkludert undersøkinga si med at det blir vedtak om tiltak.

Les også vår statistikk om barnevernet som syner at stadig fleire barn får omsorgstiltak frå barnevernet.

 Meir om innvandrarar i barnevernetÅpne og lesLukk

Statistisk sentralbyrå har tidligare utarbeidd rapportar om i kva grad barn og unge med innvandrarbakgrunn får tiltak frå barnevernet. Den siste av desse rapportane vart publisert i 2015 med tal for 2012. No vert fire nye tabellar publiserte i statistikkbanken med tal for 2013-2015 etter innvandringskategori og landbakgrunn.

Statistikkbanktabellane har tal for meldingar, undersøkingar starta og avslutta i tillegg til tiltak.