Fysisk aktivitet blant eldre

Mange over 55 år er fysisk aktive

Publisert:

I aldersgruppa 55-75 år driv 86 prosent med regelbunden fysisk aktivitet, nær halvparten i tre timar eller meir i veka. Om lag halvparten er nøgde med dei tilboda om fysisk aktivitet som finst i nærmiljøet.

Aktivitetsnivået varierer med alder, inntekt og utdanning, sjølv om skilnadene ikkje er store. Dei i aldersgruppa 70-75 år er som venta minst aktive. Folk med låg utdanning eller låg inntekt er òg mindre aktive enn andre.

I denne aldersgruppa vil mange ha god tid til å drive med fysisk aktivitet, samstundes med at helsa er eit viktig hinder for mange. Rundt 45 prosent i denne aldersgruppa er fysisk aktive minst tre timar kvar veke. Det er 14 prosent som ikkje har vore i aktivitet siste året.

Figur 1: Timar i fysisk aktivitet i snitt per veke siste 12 månader blant personar 55-75 år. Prosent

Timar i fysisk aktivitet i snitt per veke siste 12 månader blant personar 55-75 år. Prosent

60 prosent er nøgde med det tilbodet av anlegg for idrett og friluftsliv som finst i nærmiljøet. Ein av tre saknar ein eller fleire typar anlegg. Når det gjeld organiserte tilbod om fysisk aktivitet for aldersgruppa i nærmiljøet, er 45 prosent nøgde, medan 34 prosent saknar eitt eller fleire tilbod. Ein av fem svarar "veit ikkje". Det kan tyde på at dei ikkje veit kva tilbod som finst, eller kva tilbod dei kunne forventa å ha.

Figur 2: Tilstrekkeleg med anlegg for idrett og friluftsliv og organiserte tilbod for aldersgruppa i nærmiljøet. Personar 55-75 år. Prosent

Tilstrekkeleg med anlegg for idrett og friluftsliv og organiserte tilbod for aldersgruppa i nærmiljøet. Personar 55-75 år. Prosent

Resultata er henta frå ei undersøking våren 2001 der 878 personar i alderen 55-75 år svarte på spørjeskjema. Undersøkinga var gjennomførd av Statistisk sentralbyrå på oppdrag frå Høgskolen i Telemark. For meir informasjon om denne undersøkinga, sjå dokumentasjonsrapporten.

 

Tabeller

Kontakt