Statistiske analyser 131

Kulturstatistikk 2011

Innhold

I denne publikasjonen presenterer vi oppdaterte tal og statistikk for ulike område relatert til kultur. Hovudformålet med publikasjonen er å beskrive og gi ei samla oversikt over den tilgjengelege statistikken for ulike område innanfor norsk kultur.

Nokre hovudresultat innanfor temaområda i publikasjonen:

  • Offentlege utgifter til kultur
    Dei statlege utgiftene til kultur over Kulturdepartementets budsjett i 2011 var 8,6 milliardar kroner, dei fylkeskommunale kulturutgiftene var på 1,2 milliardar kroner, og dei kommunale utgiftene var på 8,9 milliardar kroner.
  • Nærings- og sysselsetjingsstatistikk
    I 2011 var det 38 000 små og store føretak med 100 000 sysselsette blant kulturnæringane.
  • Kunstpolitiske tiltak
    I 2011 vart det delt ut 512 millionar kroner frå Norsk kulturfond til ulike kulturformål, ein auke på 19 prosent frå 2010. Musikk og litteratur er dei hovudområda som fekk mest, høvesvis 153 og 131 millionar kroner kvar.
  • Teater, opera, musikk og festivalar
    Det var 2,5 millionar tilskodarar på framsyningane til institusjonsteatera og frie grupper innanfor dans og teater i 2011, ein nedgang på 6 prosent frå 2010. Til saman var 494 000 personar publikum på konsertane til medlemmene i Norsk teater- og orkesterforening i 2011, ein auke på 19 prosent frå året før. Dei statlege utgiftene til musikk utgjorde 960 millionar kroner i 2011. Det var 2,9 millionar deltakarar på dei ulike arrangementa i regi av Den kulturelle skolesekken i skoleåret 2010/11. Festivalar er framleis populære, om lag 1 million besøkte ein festival i 2011. Tilskota til musikkfestivalar var på nær 33 millionar kroner i 2011.
  • Museum
    I 2011 var det nesten 10,6 millionar besøk i musea i Noreg. Talet på museumsbesøk har auka med nesten 1,2 millionar, eller 13 prosent, dei fem siste åra. Besøkstalet utgjer nesten 2,1 museumsbesøk per innbyggjar. 54 prosent av museumsbesøka var betalte besøk i 2011. Dette er ein auke på 5 prosentpoeng frå året før og den høgaste delen dei siste ti åra.
  • Bibliotek
    Utlån av bøker og andre medium frå folkebiblioteka i 2011 utgjorde 25 millionar utlån, ein svak auke frå året før. Det var i gjennomsnitt 4,4 besøk per innbyggjar i 2011, om lag det same som året før. Totalt besøkstal syner ein svak auke.
  • Bøker
    Det vart totalt utgitt nær 12 000 bøker i 2011, ein auke på 2 prosent frå 2010. 27 prosent av befolkninga i alderen 9-79 år las ei bok på fritida ein gjennomsnittsdag i 2011.
  • Aviser
    Det samla avisopplaget var på 2,5 millionar i 2011, ein nedgang på 3 prosent frå 2011. På den andre sida er det stadig fleire som les avis på Internett, i 2011 var det 48 prosent som las nettavis ein gjennomsnittsdag.
  • Film og kino
    Nær alle kinosalane var digitaliserte ved utgangen av 2011. I 2011 var det 11,7 millionar kinobesøk, som er ein auke på nær 6 prosent samanlikna med året før. Besøkstalet svarar til 2,4 kinobesøk per innbyggjar. Besøket på norske filmar utgjorde 25 prosent av samla kinobesøk.
  • Radio og TV
    I 2011 såg 81 prosent av befolkninga på fjernsyn, mens 55 prosent lytta til radio ein gjennomsnittsdag. I 2010 var tala på høvesvis 82 og 56 prosent.
  • Kulturminne
    Per 31. desember 2011 var det registrert totalt 211 600 freda kulturminne i databasen til Riksantikvaren.
  • Idrett
    Det er aukande interesse for å delta i idrettslivet. Ved utgangen av 2011 var det 1 791 300 ordinære medlemskapar i NIF, ein auke på nær 20 000 frå 2010.

Kontakt