[an error occurred while processing this directive]
[Forrige artikkel] [Innholdsfortegnelse] [Neste artikkel]

Ukens statistikk nr. 23, 1999

Kontrollerte slakt, 1. kvartal 1999. Førebels tal:

Stabil kjøtproduksjon


1. kvartal 1999 kontrollerte den offentlege kjøtkontrollen 62 400 tonn kjøt. Av dette var 43 prosent svinekjøt, 41 prosent storfekjøt og 12 prosent fjørfekjøt.

Produksjonen av sauekjøt har auka med 360 tonn eller 21 prosent frå 1. kvartal 1998 til 1. kvartal 1999. I same periode auka produksjonen av svinekjøt med 800 tonn eller 3 prosent. For nokre av dei andre dyreslaga har det vore ein nedgang i slaktemengda, mest for fjørfekjøt med ein nedgang på 400 tonn.

Rogaland var det fylket som hadde størst kjøtproduksjon med 18 prosent av den totale produksjonen. Deretter følgde Nord-Trøndelag og Hedmark med respektive 13 og 10 prosent.

Samanlikna med 1. kvartal 1995 har den totale kjøtproduksjonen gått opp med 6 700 tonn, eller 12 prosent. Sauekjøt har auka med 500 tonn eller 41 prosent, fjørfekjøt med 1 600 tonn (27 prosent) og svinekjøt med 3 400 tonn (14 prosent).

Om statistikken

Statistikken byggjer på rapportering frå slakteri og andre via Leveranseregisteret for slakt. Leveranseregisteret blir administrert av Fraktkontoret for slakt.

Ny statistikk
Kontrollerte slakt, 1. kvartal 1999. Førebels tal.
Statistikken kjem ut kvart kvartal i Ukens statistikk og årleg i Noregs offisielle statistikk (NOS) Jordbruksstatistikk. Meir informasjon: Jardbjorg.Andreassen@ssb.no, tlf. 62 88 52 36, eller erit.Bjorlo@ssb.no, tlf. 62 88 55 07.

Tabeller

Ukens statistikk nr. 23, 1999 [an error occurred while processing this directive]